Soga om Sol 1. - 4. oktober // Opera Nordfjord, 1 October | Event in Sunndal | AllEvents

Soga om Sol 1. - 4. oktober // Opera Nordfjord

Operahuset Nordfjord

Highlights

Wed, 01 Oct, 2025 at 06:00 pm

Operahuset Nordfjord

Advertisement

Date & Location

Wed, 01 Oct, 2025 at 06:00 pm - Sat, 04 Oct, 2025 at 02:00 pm (CEST)

Operahuset Nordfjord

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Soga om Sol 1. - 4. oktober // Opera Nordfjord
Musikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk gjorde enorm suksess i Operahuset Nordfjord hausten 2023.

H.M. Dronning Sonja sat i salen på premieren.

1., 2., 3. og 4. oktober blir det gjensyn med Soga om Sol.

Handlinga er lagt til rundt 1915, og vi møter ungjenta Sol Siljegard frå Hornindal, som vert gravid etter overgrep frå storbonden Asbjørn Storhaug. Ho rømmer til Amerika saman med eventyraren Emil Hjelmeseth frå Nordfjordeid. Livet i New York gir Sol ein annan type familie enn ho kunne ha drøymt om, i teatergruppa Danny Gold’s Odditorium.

Sjølv om musikalen er inspirert av opplevingar som lever i minna til nordfjordingar, er Soga om Sol ei original historie med oppdikta personar - bortsett frå Emil Hjelmeset. Dette er ikkje ei typisk nybyggjarhistorie om slitet og strevet på prærien; fokuset er meir på draumane, eventyrlysta, flukta frå fattigdomen, den korte vegen frå siger til nederlag og livsmoglegheitene i ei brytingstid der alt kan skje.

Kunstnarisk team i tillegg til Øystein Wiik og Gisle Kverndokk: Regissør/dirigent Michael Pavelich, scenograf og rekvisitør Anndi Bergset, kostymedesignar Heidi Kverndokk, lysdesignar Ovar Holmen, maskør Hege Ramstad og koreograf og regiassistent Gard Hjertaas Bjørnson.

Opera Nordfjord lovar ein klassisk musikal med både romantikk, dramatikk, soldatar på slagmarka, sorg, sakn og lengt etter den ein elskar og, ikkje minst, humor. Musikken byr på smektande, iøyrefallande melodiar, morosame musikalske pastisjar og flotte shownummer.

Framsyningar:
Onsdag 1. oktober kl. 18.00
Torsdag 2. oktober kl. 18.00
Fredag 3. oktober kl. 18.00
Laurdag 4. oktober kl. 14.00

Musikalen varer i om lag 2,5 time inkludert pause

operanordfjord.no


You may also like the following events from Operahuset Nordfjord:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Soga om Sol 1. - 4. oktober // Opera Nordfjord can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway
Reserve your spot

Host Details

Operahuset Nordfjord

Operahuset Nordfjord

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Soga om Sol 1. - 4. oktober // Opera Nordfjord, 1 October | Event in Sunndal | AllEvents
Soga om Sol 1. - 4. oktober // Opera Nordfjord
Wed, 01 Oct, 2025 at 06:00 pm