BLÅ // Opera Nordfjord, 2 September | Event in Sunndal | AllEvents

BLÅ // Opera Nordfjord

Operahuset Nordfjord

Highlights

Tue, 02 Sep, 2025 at 05:00 pm

Operahuset Nordfjord

Advertisement

Date & Location

Tue, 02 Sep, 2025 at 05:00 pm (CEST)

Operahuset Nordfjord

Sophus Lie-vegen 3, Nordfjordeid, Sunndal, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

BLÅ // Opera Nordfjord
Noregspremiere på ein ny, nordisk opera om klima og kjærleik, basert på boka av Maja Lunde.

Lengsel, sinne, kjærleik og håp. For unge og vaksne. Ei musikkdramatisk forteljing, i notid og framtid.

BLÅ av Maja Lunde er ein fantastisk roman om vatn. løgn, klimaendringar og kjærleik. Bestseljaren er både høgaktuell og medrivandre, nærast thriller-inspirert.

Opera Nordfjord, musikkteatret SAUM i København og Høgskulen på Vestlandet ved masterprogrammet Climate Change Management legg krefter, evner og ressursar saman i eit spennande miljø- og kultursamarbeid utan sidestykke! Det er ikkje kvardagskost å lage opera i samarbeid med andre land, eller med klimafakultet og utanlandske masterstudentar. Med operaen BLÅ skjer begge deler!

Vi møter Signe, som har brukt heile livet sitt på barrikadane i miljø- og klimakampen. Etter eit langt liv, der ho har prøvd å redde verda frå ei nært foreståande klimakatastrofe, seglar ho no åleine til Sør-Europa for å drepe sin livs kjærleik, Magnus - og samstundes hindre verda i å brenne opp. Magnus er ingeniør, og dei to kjempa tidlegare saman ein kamp mot klimakrisa. No har han byrja å smelte enome mengder is frå ein hemmeleg isbre, for at rikfolk skal få eksklusive isbitar i drinkane sine.

Midt i ein brølande storm over Nordsjøen, møter Signe i hallusinasjon ei jente frå framtida, Lou, som minner ho på barnet ho aldri fekk med Magnus. Signe gjenopplever den eksplosive kjærleikshistoria deira, og den heroiske kampen dei kjempa mot overutnytting av naturen. Men idealisten Signe ville ikkje finne seg i pragmatikaren Magnus sine kompromiss. Blir det hemn eller forsoning? Katastrofe eller redning?

I eit anna spor i historia, fleire tiår fram i tid, følgjer vi David og dottera Lou. Dei flakkar rundt som klimaflyktningar etter at ei brannkatastrofe oppslukte heimbyen. På desperat leiting etter resten av familien, prøver dei å overleve i skuggen av krigen som bryt ut grunna mangel på vatn.

Idé og utvikling: Ingeborg Fangel Mo. Librettist: Maja Lunde og Jesper B Karlsen. Dramaturg: Oda Radoor. Komponist: Hugi Gudmundsson. Scenograf: Signe Krogh. Instruktør: Kasper Sejersen. Lysdesignar: Michael Breiner. Lysteknikar: Ovar Holmen. Komponist: Hugi Gudmundsson

På scena: Ingeborg Fangel Mo (Signe), Magnus Berg (Magnus), Martin August Tornqvist (David) og Lene Hummelshøj (Lou)
Musikarar: Anna Klett (klarinett), Frode Andersen/Kristian Skov Hansen (trekkspel) og Matias Seibæk (slagverk)

Miljøoperaen har verdspremiere i København i mai.

Operaen passar vaksne og unge frå 16 år og oppover.


You may also like the following events from Operahuset Nordfjord:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for BLÅ // Opera Nordfjord can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3,Nordfjordeid, Sunndal, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change. We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Operahuset Nordfjord

Operahuset Nordfjord

2 Followers

Are you the host? Claim Event

Advertisement
BLÅ // Opera Nordfjord, 2 September | Event in Sunndal | AllEvents
BLÅ // Opera Nordfjord
Tue, 02 Sep, 2025 at 05:00 pm