Legally blonde , 13 February | Event in Stryn | AllEvents

Legally blonde

Trivselshagen

Highlights

Fri, 13 Feb, 2026 at 07:00 pm

Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway

Advertisement

Date & Location

Fri, 13 Feb, 2026 at 07:00 pm (CET)

Firdavegen 21, 6823 Sandane

Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Legally blonde


Dette skuleåret set elevar på Musikk, dans, drama på Firda vg. skule opp musikalen Legally blonde, - eller Lovleg blond som den heiter på norsk. Opprinneleg er dette ein film frå 2001 basert på ei bok av Amanda Brown. Tekst og musikk til musikalen er av Laurence O’Keefe og Nell Benjamin. Manus er ved Heather Hach, og Christoffer Paulsen har omsett det til norsk. Musikalen hadde premiere i USA i 2007.

Hovudpersonen i musikalen er Elle Woods. Ho drøymer om å gifte seg med kjekkasen Warner Huntington III. Han har ambisjonar om å gå på det prestisjetunge universitetet Harvard for seinare å gjere politisk karriere. Han tykkjer ikkje at Elle passar heilt inn i dette framtidsbiletet og dumpar ho. Elle bestemmer seg for å kjempe for kjærleiken og vinne Warner tilbake. For å oppnå dette må ho også kvalifisere seg til Harvard, noko ho gjer etter krevjande studiar. På Harvard møter ho nye utfordringar og ho må gong på gong kjempe mot stereotypiar og fordommar i jakta på draumemannen. Vi kan røpe så mykje at ho gjennom kløkt, hardt arbeid og eigne erfaringar til slutt lukkast i jusstudiane og finn kjærleiken.

Dette er ein humoristisk og hjartevarm musikal, full av fengande musikk og raske sceneskift. Her blir det energi, dans og show frå første sekund. Musikalen passar for alle, så det er berre å sikre seg billett!


You may also like the following events from Trivselshagen:

Also check out other Entertainment events in Stryn, Performances in Stryn, Arts events in Stryn.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Legally blonde can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Trivselshagen

Trivselshagen

Are you the host? Claim Event

Advertisement
 Legally blonde , 13 February | Event in Stryn | AllEvents
Legally blonde
Fri, 13 Feb, 2026 at 07:00 pm