Forfattarbesøk – Oddrun Midtbø, 12 November | Event in Stryn | AllEvents

Forfattarbesøk – Oddrun Midtbø

Årdal bibliotek

Highlights

Wed, 12 Nov, 2025 at 07:00 pm

Årdal Kulturhus

Advertisement

Date & Location

Wed, 12 Nov, 2025 at 07:00 pm (CET)

Årdal Kulturhus

Farnesvegen 3, Øvre Årdal, Stryn, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Forfattarbesøk – Oddrun Midtbø
Ny bok: Lobotomert. Ein skamplett i psykiatrihistoria
No kjem endeleg oppfølgjaren til Harastølen-boka, ført i pennen av Oddrun Midtbø.

Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor held legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk liva sine øydelagde etter inngrepet.

Under arbeidet med boka om Harastølen oppdaga Oddrun Midtbø ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante, Juliane Marie, som var innlagt som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene?

Kampen for innsyn i pasientjournalen hennar er den raude tråden i denne sterke forteljinga.

Midtbø tek vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter lobotomistane, og dei som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur.

I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.

Oddrun Midtbø kjem til Årdal kulturhus for å presentera boka og arbeidet med boka, 12. november 2025, kl 19:00.
Inngang 100,-
Skuleelevar gratis

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Årdal Kulturhus, Farnesvegen 3,Øvre Årdal, Stryn, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Årdal bibliotek

Årdal bibliotek

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Forfattarbesøk – Oddrun Midtbø, 12 November | Event in Stryn | AllEvents
Forfattarbesøk – Oddrun Midtbø
Wed, 12 Nov, 2025 at 07:00 pm