Kjære gode, men ikkje så veldig gamle russevener!
Hausten nærmar seg, og med den kjem eit heilt spesiell høve for oss alle – vårt 50-års russejubileum! Det er nesten utruleg at det har gått eit halvt år-hundre sidan vi feira og skapte minner saman. No er tida komen for å samlast igjen og dele latter, historier og gode stunder frå den gong vi var unge og lovande.
TID: Laurdag 20.9, men mange vil nok samlast allereie på fredag ettermiddag. Stad: Sandane (Gloppen Hotell)
Lat oss feire dette jubileet med stil, god mat, musikk frå vår tid, og kanskje nokre overraskingar undervegs. Dette blir eit høve til å oppleve fellesskapen frå gamle dagar, bli kjende på nytt, rett og slett ha det hyggeleg saman igjen.
Programmet er framleis under arbeid, men vi legg opp til å lage til eit opplegg frå tidleg på laurdagen der vi kan treffe og få prata med gamle kjende, gå på gamle stiar, besøk på gymnaset, kanskje ein tur i Jølet og elles rundt om på Sandane. Vi kjem med ei programoppdatering seinare.
Ta gjerne med bilete eller andre minner frå russetida! Om du har lyst og høve til å dele minner er det særs kjærkome.
Vi håpar verkeleg at du kan vere med på dette spesielle jubileet. For å hjelpe oss med planlegginga, gjev gjerne beskjed til din klassekontakt så tidleg som råd om du kan kome. Gjerne i løpet av mai. Du kan kontakte din klassekontakt for spørsmål:
Gled deg til ein kveld fylt med nostalgi og god stemning – vi kan nesten høyre russesongen vår spelast allereie!
Engelsk
Ingebjørg
41285164
Økonomi
Jon / Arvid
97034379 / 48167070
Samfunnsfag
Signe
41530520
Real A
Hallgeir
90666216
Real B
Liv
97508570
Informasjon frå hotellet. Vise til aktuell helg og at det gjeld 50-års russetreff:
Pris på rom:
Enkeltrom kr. 1.590,- pr. natt inkludert frukost
Dobbeltrom kr. 1.890,- pr. natt for 2 personar inkludert frukost
Telefon: +4757865333
www.gloppenhotell.no /
E-post:
cG9zdCB8IGdsb3BwZW5ob3RlbGwgISBubw==
Beste helsing frå festkomiteen
PS. Påmelding gjennom klassekontakta - ikkje via denne promotering på FB.