Vi feirar våre deltakarar i årets Sommarles!
Kom og opplev Heidi Marie Vestrheim som er kjend som både musikar, forfattar og programleiar i NRK.
På sommarlesavslutninga kjem ho med boka si Jenny Fender. Boka handlar om 12 år gamle Jenny som drøymer om å bli rockestjerne og reise på verdsturné saman med bestevenninna si, Signe. Men i det sommaren startar står både rockedraumen og vennskapet i fare når Signe må flytte, og ei ny jente frå Oslo flyttar inn i nabolaget.
Jenny Fender er ei fengande og lettlesen bok om rockejenter utanfor allfarveg. Dette er ei bok om å vekse opp, om overgangar og om å vere på terskelen mellom barndom og ungdom. Det handlar om venskap, nye kjensler og korleis ein skal vere ein god venn når alt ikkje lenger er sjølvsagt.
I førestillinga blandar Heidi Marie musikk, høgtlesing, humor og gjenforteljing for å skapa ei levande og engasjerande oppleving for dei frammøtte.
Det blir mogleg å stille spørsmål til henne etter førestillinga, noko av det kjekkaste ho veit om!
Om forfattaren: Heidi Marie Vestrheim er ein allsidig person: programleiar, musikar og forfattar. Ho har produsert fleire barneførestillingar, spelar i band og har gitt ut fire soloalbum. I tillegg har ho vore programleiar på fleire NRK-program. Jenny Fender (Gyldendal Norsk Forlag, 2023) er debutromanen hennar og fekk Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur i 2023. Boka vart òg nominert til ARKs barnebokpris, Trollkrittet og Bokslukerprisen.
Velkommen til eit morosamt møte med Heidi Marie og Jenny Fender!
Vi serverer drikke, og trekkjer bokpremiar på loddet du får når du kjem.
Førestillinga er sjølvsagt gratis.
You may also like the following events from Stjørdal bibliotek:
Also check out other
Music events in Stjordal,
Entertainment events in Stjordal.