For to år sidan inviterte eg til formiddagskonsert heime i stova. Dette synst eg var så koseleg at eg vil invitere på ny i år⭐️
Målet er også denne gongen å skape eit lite pusterom med julestemning i ei travel førjulstid. På programmet står utvalde juleparafraser (klassiske musikkstykker med julesongtema) og det blir ein pause midt i der det blir servert gløgg, kaffi og julekaker.
Arrangementet er gratis og evt. påmelding er sjølvsagt ikkje bindande. Likevel kjekt om du trykker skal dersom du har tenkt å ta turen.
Så veit eg at mange er på jobb på denne tida av døgnet, og eg har derfor tatt utgangspunkt i dei som kom sist når eg har invitert. Det er sjølvsagt fritt fram å invitere vidare😊
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.