Gorrlaus laurdag 18.10.25
Stad: Tou loftet
Dørene opnar: kl. 18.30
Konsert startar: kl. 19.00
Kirsten Bråten Berg - Kveding
Daniel Sandén-Warg - Hardingfele og munnharpe
Setesdalsmusikken får me aldri nok av her i Stavanger. Den suggererande, drivande og trolske musikken som kunne få felespelaren til å hamne på rammeslåtten.
Olav Faremo (1786-1866) frå Hylestad i Setesdal, hadde som mange andre store spelemenn, lært å spela av fossegrimen. I gamalt or sætisdal band 1 står det: "Det var fossegrimen som lærde Olav til å fela. Han var til med han tvo gonger. Fyrste gongen vreid han lislefinger or led på vinstre hondi, - Olav kunde sveiva han plent som han vilde sidan. So var han til med han att i Farøyi. Då vreid han hendene hans, so fingrane på vinstre hondi krøktst etter strengjene, og etter bogen på høgre. Men han sov, Olav, med dette gjekk til. - Sidan var han ovspelemann. Av fossegrimen lærde han dei ramme slåttane. Skjaldmøyslaget var den spelegaste av alle han kunde. Han sytte so kaldleg med å fela den slåtten. Men han fela den på Kjeldeberg ein gong, i eit brudlaup, av dei totte for gama høyra, og nøydde han til. Olav kom på rammeslåtten, så det var ein enkedom (elende) å sjå. Tilslutt hjelpte dei han av med fela. Og det hadde han skilt seg fyrr han la til: Kjem eg på den ramme slåtten, moge di take fela av me, sa han. Han gret då dei tok henne."
Denne musikken lever framleis i beste velgåande i Setesdal den dag i dag. Og i kveld er me så heldige å få besøk av to av dei fremste tradisjonsberarane av denne kraftige og myteomspunne musikken.
Daniel Sandén-Warg har granska både arkivopptak og lært direkte av felespelarar i dalen sidan 90-talet. Han spelar i tradisjon etter Knut J. Heddi, Andres K. Rysstad og Torleiv H. Bjørgum og er ein meister på hardingfele og munnharpe og ei stor inspirasjonskjelde for mange yngre folkemusikarar.
I Setesdal finst det og ein rik vokaltradisjon og Kirsten Bråten Berg er ein av dei viktigaste formidlarane av denne tradisjonen. Ho har til liks med Sandén-Warg lært både direkte av mange tradisjonsutøvarar i dalen og jobba mykje med arkivopptak. Ho har i tillegg spelt i lag med mange kjente utøvarar innan både folkemusikk og jazz opp gjennom åra. Ho var med i den legendariske folkemusikkgruppa, Slinkombas, samen med Tellef Kvifte, Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum og i 2005 blei ho utnemd til riddar av 1.klasse for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar, ein tittel ho framleis gjer seg fortent til.
You may also like the following events from Tou:
Also check out other
Music events in Stavanger,
Entertainment events in Stavanger,
Concerts in Stavanger.