Gorrlaus på Litteraturhuset, 12 September | Event in Stavanger | AllEvents

Gorrlaus på Litteraturhuset

Litteraturhuset i Stavanger

Highlights

Fri, 12 Sep, 2025 at 08:00 pm

2 hours

Litteraturhuset i Stavanger

Advertisement

Date & Location

Fri, 12 Sep, 2025 at 08:00 pm to 10:00 pm (CEST)

Litteraturhuset i Stavanger

Stavanger, Norway, Stavanger, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Gorrlaus på Litteraturhuset
Folkemusikken frå Valdres med Kjellbjørn Karsrud og Frank Rolland.

Denne helga går det ein buss i frå Fagernes til Stavanger lasta med eit heilt spelemannslag og tradisjonelle dansarar. På laurdag blir det konsert og dansefest på Gorrlaus på Tou loftet med "Spelemannslaget til fremjing for møsagrodde låttar". Men festen starter allereie i kveld! Gorrlaus gjester Litteraturhuset i Stavanger for første gong.

Kjellbjørn Karsrud og Frank Rolland, begge aktive og gorrgode spelemennn, kjem til vise stoff frå folkemusikkarkivet i Valdres og me kjem til å få høyre om kva som er karakteristisk for musikken frå den kanten av landet. I Valdres har dei ein utruleg sterk og interessant folkemusikktradisjon som strekk seg langt tilbake i tid. Blant anna har dei asymetrisk springar takt og felestiller dei kallar for grønt, ljøsblått og grålysning. Det blir og høve til å stilla spørsmål. Resten av spelemannslaget er og til stades og kjem nok til supplera med dømer på spel og dans. Ikkje bli overraska om det sklir ut til ein skikkeleg folkemusikk og dansefest etterpå.

«Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar» er eit av dei fremste spelemannslaga i Noreg om dagen. Samansett av ein eklektisk gjeng har dei samla seg rundt ei felles interesse for å henta fram igjen lite brukte og gløymde låttar frå Valdrestradisjonen. Dei er uredde, utruleg gode og har eit særs kraftfult uttrykk som kjem til å få taket på gamle tou loftet til å røra på seg.

Spelemannslaget starta opp i 2014, og spelar i hovudsak springarar, hallingar, lydarlått(ar) og bondelåttar. Dei har spela på alt frå meisterkonsert i Operaen til Tuvas Blodklubb både i Oslo og Bergen. På CD- utgjevinga frå 2022 sette laget truleg ein eller annan verdsrekord då dei spelte inn 18 låttar på ti felestille.

Laget har også ei rekke topp-plasseringar på Landskappleiken.

Det vil ein ikkje gå glipp av!!


You may also like the following events from Litteraturhuset i Stavanger:

Also check out other Concerts in Stavanger.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Gorrlaus på Litteraturhuset can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Litteraturhuset i Stavanger, Stavanger, Norway,Stavanger, Norway
Reserve your spot

Host Details

Litteraturhuset i Stavanger

Litteraturhuset i Stavanger

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Gorrlaus på Litteraturhuset, 12 September | Event in Stavanger | AllEvents
Gorrlaus på Litteraturhuset
Fri, 12 Sep, 2025 at 08:00 pm