Kvinnekoret Stord con Spirito kjem endeleg til Kvinnherad kyrkje! Koret har sunge i Kvinnherad fleire gonger, m.a. i Valen kyrkje der vi sist framførte Pergolesi sitt vakre Stabat mater, og vi har sunge på utstillingsopning i Galleri Guddal, men no gler vi oss til vår første konsert i den flotte steinkyrkja i Rosendal.
Stord con Spirito markerer sitt 35-årsjubileum denne sesongen, og har henta fram høgdepunkt og favorittar frå repertoaret gjennom desse åra. Sist vår markerte Tore Kloster sitt 25årsjubileum som vår dirigent der vi urframførte hans Stabat mater dolorosa saman med profesjonelle Edvard Grieg Vokalensemble. Songarane i vokalensemblet jobba og som instruktørar på noko av repertoaret vårt, noko som var eit musikalsk løft vi har tatt med oss inn i denne sesongen. De vil få høyre m.a. Giuseppe Verdi si Laudi alle vergine Maria, Gustav Holst si Ave Maria og Franz Biebl si Ave Maria som er blant høgdepunkta frå sist vår. I sistnemnde vert å høyre ein strålande solisttrio som alle har tilknyting til Kvinnherad: Anne Guro Korsvoll, Jeanne Marie LaFrance og Hjørdis Nikoline Østerbø.
Programmet består elles av både kyrkjemusikk og verdsleg musikk; her kan nemnast Gammal Fäbodspsalm som koret song med sin første dirigent og initiativtakar, legendariske Reidun Hagenes, og to av Bob Chilcott sine fortryllande Spells for damekor og piano.
Sidan konserten vert i siste del av november har vi og tatt med eit "hint" av jul: Tre songar av Benjamin Britten frå A Ceremony of Carols og Odd Johan Overøye sitt nydelege arrangement av Glade jul.
Irene Simonsen akkompagnerer koret på dei stykka som ikkje er a cappella og vi får og høyre Irene i eigne stykke av Jean Sibelius og Klaus Egge.
Billett kr 200 kan kjøpast ved inngangen eller ved å vippse på førehand til Stord con Spirito #717349.
Vi håpar mange vil ta turen og senke skuldrane ein times tid saman med oss og mykje fin musikk.
Also check out other Concerts in Sauda, Music events in Sauda, Entertainment events in Sauda.