Cantus Firmus ynskjer alle velkomne til allehelgenskonsert. Vi er stolt og glad over at unge stemmer frå Rosendal tweens (dei eldste i Rosendal barnekor) blir med oss i denne store konserten i lag med Kvinnherad kyrkje sin eigen fabelaktige kantor Eva Megyesi på tangentar og Corneliu-Dinu Serfezi på bratsj.
Vi får med oss fire solistar: Jeanne Marie LaFrance, Åsne Kvamme, Tore Kloster og Bjørn Gisle Seter, alle med lang erfaring frå klassisk kyrkjemusikk.
Mozarts requiem er eit av dei aller mest framførte kyrkjemusikalske verka i verda, og det er ei stor ære å vere med å framføre denne i Kvinnherad kyrkje. Så vidt vi veit er dette fyrste gong eit kor framfører heile dette verket i Kvinnherad kyrkje.
Cantus Firmus kjem til å stille med over 30 songarar frå 12 til 70 år, med heiltente hjarte og stemmer!
Kjøp billettar direkte i Vipps,#780226 men om du er under 16 år er du gratis og kjøper gratis billett! Det går også an å kjøpe billett i døra og på Fredheim blomster 🌹
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.