Endeleg kjem Benedicte Maurseth tilbake til Sentralbadet litteraturhus. No med sitt nye album Mirra.
Mirra er til liks med Hárr eit konseptalbum der konkret lyd er berande element i komposisjonane, med økosofiens perspektiv som vardestein. Musikken er repeterande, forma av folkemusikkens suggererande gjentakingar, amerikansk minimalisme, krautrock samt fri improvisert musikk.
Sjølve ordet mirra er eit eldre utdøydd dialektuttrykk frå Hardanger, som truleg tyder at reinen spring samla, gjerne i gjentakande sirklar for å halda varmen eller stenga ute rovdyr. Eller det vart bruka for å skildra at det «myldra» av rein. Verket følgjer delar av villreinen sine faste ritar gjennom eit år, og deira distinkte lydar og åtferd. Dei er merkverdige, vakre dyr. Dei er òg truga. Av menneska, framfor alt, som avgrensar plassen deira litt etter litt, år for år. Vaktar me oss ikkje, forsvinn villreinen frå Hardangervidda kanskje for alltid.