«Sakna er stilla» av Magnus Sundgot, 10 October | Event in Oslo | AllEvents

«Sakna er stilla» av Magnus Sundgot

Dramatikkens hus

Highlights

Fri, 10 Oct, 2025 at 02:00 pm

1.5 hours

Oslo teatersenter

Advertisement

Date & Location

Fri, 10 Oct, 2025 at 02:00 pm to 03:30 pm (CEST)

Oslo teatersenter

Hovinveien 1, Oslo, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

«Sakna er stilla» av Magnus Sundgot
Ei vestlandsbygd. På ein plass, langt, langt vekke.

Ein ung kyrkjetenar på eit NAV-program, ja, lista hans er lang i psykisk liding. Namnet er Lyder. Han liker godt å labbe rundt i kyrkjegardskogen, henge i lag med dei som ikkje plagar han. Dei som vil liggje der, å berre vere døde. Han klarar det, stelle gras, klippe hekk, klippe kant.

Ein fersk (og ganske hot) prest. Han er nyutdanna. Ikkje stor ein fan av å henge med dei døde. For heilt brått slutta han å like det, å henge med dei døde. Namnet hans er Eyolf. Gutane byrjar å finne kvarandre, midt i mykje død og drit og traume. På badestranda, vis-à-vis skogen, sit dei der, vis-à-vis. Dei deler øl, deler håp, mange bøner, ei filosofisk floke, og kanskje, ei stille? For begge lengtar dei, etter ei stille, som dei kanskje finn, i kvarandre?

Dei leitar godt.
Midt mellom inngang og utgang.
Kanskje som ein utgang i ein inngang?
Kanskje mellom kjærleik og liv og død?

Det dramatiske diktet «Sakna er stilla» er eit nyskrive verk av Magnus Sundgot. Gjennom varme, humor og mørke utforskar stykket tunge og tabu tema – i eit fjelgt, annleis og friskt språk.

Om dramatikaren
Magnus Sundgot er det norsk teater treng. Fødd i 1996, bur i Oslo, og er autodidakt frå internetts Youtube. Ulydig, rampete, nifs og ufin – eit vordande stjerneskot på ein elles blass dramatikarhimmel.

Med bakgrunn som teiknspråktolk har han ei sylskarp teft for språk, noko som glitrar godt i teaterstykket Sakna er stilla. Arbeida hans blandar poetisk venleik med det mørke, absurde og psykologisk djupe. Tenk deg at Jon Fosse og Erlend Loe fekk ein «love child», og du er i nærleiken. Tidlegare produksjonar inkluderer manus til novellefilmen LARS (Døves Media, 2022), vist på Teater Manu, og episoden Guttastemning i podkasten MAXIME (2024). Begge prosjekt ganske homo, det er også Sakna er stilla <3

Skodespelarar
Simen Tobias Natvig Krogvig Segerberg, Jon Todal Sæbø

Verkstadleiar
Fride Snipsøyr Holøs


You may also like the following events from Dramatikkens hus:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for «Sakna er stilla» av Magnus Sundgot can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Oslo teatersenter, Hovinveien 1,Oslo, Norway
Reserve your spot

Host Details

Dramatikkens hus

Dramatikkens hus

Are you the host? Claim Event

Advertisement
«Sakna er stilla» av Magnus Sundgot, 10 October | Event in Oslo | AllEvents
«Sakna er stilla» av Magnus Sundgot
Fri, 10 Oct, 2025 at 02:00 pm