Rekande på ei fjøl? - om skapande praksisar i spel, song og dans.  | Event in Oslo | AllEvents

Rekande på ei fjøl? - om skapande praksisar i spel, song og dans.

FOLKELARM

Highlights

Fri, 14 Nov, 2025 at 11:00 am

4.3 hours

FOLKELARM

Advertisement

Date & Location

Fri, 14 Nov, 2025 at 11:00 am to 03:15 pm (CET)

FOLKELARM

FolkOrg v/ Ann Helen Erichsen, Oslo, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Rekande på ei fjøl? - om skapande praksisar i spel, song og dans.
Korleis formar dagens folkemusikarar og -dansarar nye uttrykk av gamle tradisjonar? Møt fire utøvarar som deler innsikt, tonar og steg – og inviterer deg inn i samtalen.

14. november
Kl. 11:00 - 15:15
Intimscenen

Rekande på ei fjøl – om skapande praksisar i spel, song og -dans.

Huldra, nøkken og fanden sjølv har alle fått æra for mange av slåttane i den norske folkemusikktradisjonen. Ja, musikken har til og med kome rekande på ei fjøl... Men korleis er den skapande prosessen hos folkemusikarar og dansarar i dag? Kvar hentar dei inspirasjon? Kva element frå tradisjonsmusikken og -dansen får vere med inn i den kreative prosessen? Kva metode, rammer og premiss er tilstade? Dette og meir til vil vi setje lys på når fire av våre fremste tradisjonsutøvarar kjem for å dele ord, tonar og dans frå sin eigen skapande praksis. Du som deltar på seminaret er velkomen til å ta del i samtaler og stille spørsmål undervegs.

Plan for fagseminar:

Kl. 11.00: Velkomen
Kl. 11.05: Per Åsmund Omholt (skapande praksisar i folkemusikk)
Kl. 11.30: Øyonn Groven Myhren
Kl. 12.15: Bjørn Kåre Odde
Kl. 13.00: Felles lunsj
Kl. 13.45: Tuva Færden og Indra Lorentzen (Entré – Sortie)
Kl. 14.30: Erlend Apneseth
Kl. 15.15: Avslutning og oppsummering

Seminaret «Rekande på ei fjøl – skapande praksisar i norsk folkemusikk og -dans» passar for folkemusikarar, dansarar, komponistar, arrangørar, studentar, lærarar og andre som er nysgjerrige på korleis dagens utøvarar hentar inspirasjon og utviklar nye uttrykk frå tradisjonen.

Seminaret er initiert av Gro Marie Svidal i samarbeid med FolkOrg og NOPA. Seminaret er støtta av Sparebankstiftelsen og KOMP

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

FOLKELARM, FolkOrg v/ Ann Helen Erichsen,Oslo, Norway
Get updates and reminders
Ask AI if this event suits you

Host Details

FOLKELARM

FOLKELARM

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Rekande på ei fjøl? - om skapande praksisar i spel, song og dans.  | Event in Oslo | AllEvents
Rekande på ei fjøl? - om skapande praksisar i spel, song og dans.
Fri, 14 Nov, 2025 at 11:00 am