Neste Memoarokonferanse blir for fyrste gong arrangert utanfor Bergen. Fredag 20 og laurdag 21. mars går konferansen av stapelen i lokala til Deichman Tøyen i Oslo. Det blir også sluttkonferansen i prosjekt Migrasjonsminne (sjå www.migrasjonsminne.no). Hovudtema er demed gitt: Migrasjonsminne.
Invitasjon til å presentere:
Migrasjon - utvandring, innvandring og tilbakevandirng - har sett sterkt preg på norsk historie og samtidskultur. Memoarkonferansen 2026 blir eit djupdykk i historier om korleis dette har skjedd og kva for effektar det har hatt. Vi vil gjerne ha kontakt med alle som kan bidra til dette gjennom å halde foredrag, delta i panelsamtale eller framføre eit munnleg forteljing.
Vi planlegger eit program med denne tematiske inndelinga:
Dag 1
Prosjekt Migrasjonsminne som milepel i utviklinga av immaterielt kulturvern i Noreg
Migrasjonsforsking og munnlege kjelder
Kveldsarrangement med kunstnariske innslag
Dag 2
Migrasjon og generasjoner
Minoritetskulturar
Gamlelandet og migrasjonshistoria
Skriv nokre ord om din presentajonsidé snarast råd og send til
cG9zdCB8IG1lbW9hciAhIG5v
Etterkvart som programmeringa går framover, blir nettsida www.memoarkonferansen.no oppdatert
You may also like the following events from Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie: