Juleoratoriet | Event in Oslo | AllEvents

Juleoratoriet

Det Norske Teatret

Highlights

Fri, 28 Nov, 2025 at 07:00 pm

1.7 hours

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway

Advertisement

Date & Location

Fri, 28 Nov, 2025 at 07:00 pm to 08:40 pm (CET)

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo

Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Juleoratoriet
Göran Tunströms store roman frå 1983 blir teaterhaustens storhending på Hovudscenen. Juleoratoriet er ei familiesoge som spring ut frå Sunne i Värmland og som spenner over tre generasjonar og to verdsdelar – med forholdet mellom far og søner som omdreiingspunkt.

I Juleoratoriet møter vi Aron Nordensson som mistar den høgt elska kona si og seinare seg sjølv. Solveig Nordensson hadde ein draum om å oppføre Bachs Juleoratorium i kyrkja i den vesle byen Sunne. Det skal gå tre generasjonar før denne draumen blir verkeleg. Aron, ektemannen, søker tilflukt i stilla. Sonen Sidner leitar etter kjærleik og samhald etter moras død, og må reise til den andre sida av jorda for å finne det. Først barnebarnet Victor blir i stand til å realisere bestemoras visjon om å oppføre det monumentale verket.

Ei tid som ikkje lenger er
Juleoratoriet er ei forteljing om korleis hendingar kan forme menneske gjennom generasjonar, og korleis alle liva våre på sett og vis er fletta saman. Vi skal til ei tid som ikkje lenger er, men også inn i draumar og minne, til radioens spede byrjing og Bachs store verk.

Stor forteljing
Juleroatoriet kom ut i 1983 og er blir sett på som eit av Göran Tunströms viktigaste verk. Den fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1984 og blei filmatisert i 1996. På Det Norske Teatrets største scene får romanverket musikalsk følge av jazzlåtar, svenske folkeviser - og Bachs Juleoratorium, akkompagnert av jazzpianist Jørn Øien.


You may also like the following events from Det Norske Teatret:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Juleoratoriet can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Det Norske Teatret

Det Norske Teatret

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Juleoratoriet | Event in Oslo | AllEvents
Juleoratoriet
Fri, 28 Nov, 2025 at 07:00 pm