Fredskonserten
INN I STILLA - med røter av ljos
Solosong og eigen poesi av
Tora Synnøve Yli Myre (ToraSola)
Billettar 150,-
betalast med VIPPS eller kontant i døra.
Tora Synnøve Yli Myre (ToraSola) er songar, kunstnar, poet og fredsarbeidar fødd i Heddal i Telemark. Ho syng folketonar og eigne songar med stilla som akkompagnement, og held eit rom som inspirerar til indre fred, og fred i verda. Ho har halde konsertar for fred dei siste 15 åra, i Noreg og i Norden; m a i Bygdøy kyrkje, Vår Frues Krk i Trondheim, Koncertkirken i København, Ishavskatedralen i Tromsø, Torvkyrkja på Reykjavik friluftsmuseum, Temppeliaukkio kirkko i Helsinki, Håpets Katedral i Fredrikstad, Mariakyrkja i Bergen og Heddal Stavkyrkje. Elles har ho halde jamnlege konsertar for fred i Kampen kyrkje i Oslo sidan 2011.
“Eg trur at me alle har fred i våre hjarta, og at me kan oppleve fred saman, om me gjev rom for det. Difor er eg glad i å synge inn i stilla, og på den måten halde eit rom for
F R E D.
Eg er oppteken av vår veg inn i hjarta, til eiga kjelde og medkjensle, fokus på vår framtid for jorda og vår skaparkraft til å løyse våre felles utfordringar, noko mykje av poesien min handlar om. Eg gler meg til å halde konsert i den gode akustikken i vakre Bøler kyrkje på Allehelgens.”
🕊️🔆🙏
Foto: Tora Synnøve Yli Myre
You may also like the following events from ToraSola:
Also check out other
Concerts in Oslo,
Arts events in Oslo,
Literary Art events in Oslo.