IMPROVERK: Hans Kjorstad Ensemble - URFRAMFØRING: Avkjølingshistorie, 9 November | Event in Oslo | AllEvents

IMPROVERK: Hans Kjorstad Ensemble - URFRAMFØRING: Avkjølingshistorie

Improverk - konsertserie for improvisert musikk

Highlights

Sun, 09 Nov, 2025 at 08:00 pm

Kunstnernes Hus

Advertisement

Date & Location

Sun, 09 Nov, 2025 at 08:00 pm (CET)

Kunstnernes Hus

Wergelandsveien 17, 0167 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

IMPROVERK: Hans Kjorstad Ensemble - URFRAMFØRING: Avkjølingshistorie
Konsert: 20:00
Billetter: 200,-
Student: 150,-

Med Avkjølingshistorie har felespelar og komponist Hans P. Kjorstad sett på ulike definerande hendingar i verdshistoria og skrive musikk om dei.

Komposisjonen er eit forsøk på å skrive musikk med eit historisk-essayistisk-filosofisk-poetisk blikk på emne relatert til geologi, biologi, mystisisme og bevisstheit på fleire plan.

Det er eit verk som freistar å dra lyttaren inn i ei underleg men likevel vagt velkjend verd der ein kan få innblikk i masseutryddingar, prehistoriske dyr som leikar seg i vatnet og på land, korleis menneskja finn saman i samarbeid og ein til slutt endar opp i vår eigen mekaniske tidsalder.

Kjorstad: Det musikalske materialet kan ein seie er ei lydleg utforsking (og dermed også ein abstraksjon) av naturkreftene. Eg har sett meg inn i jordas geologiske historie og skrive tekster om denne med utgangspunkt i eigne interesser. Så har eg prøvd å sjå på korleis desse eldgamle strukturane kan verte formidla gjennom det eg vil kalle soniske tidsbilete.

Komposisjonen vart utarbeidd med dei spesifikke musikarane i ensemblet som modellar og dei har slik sett hatt stor innverknad på korleis historia høyrest ut. Kvar og ein av musikarane bidreg med sin eigne unike lydpalett og deira personlegdomar har vore formande for rollene dei har i verket.

Noko om tittelen: Det å halde temperaturen under bristepunktet har vore forskjellen mellom liv og død gjennom denne planetens levetid. Det er klart at det var frykteleg varmt i starten. Sidan har det veksla mykje – atmosfæra har, akkurat som jordoverflata, vorte forma av naturkreftene i samspel med dei levande organismane med sine fysiske og mentale eigenskapar.

Avkjølingshistorie vart skrive i perioda 2019-2021 og spelt inn og utgjeve på Motvind Records i 2022. Denne konserten er urframføringa av verket.

Besetning: Hans P. Kjorstad: komposisjon og fele
Tove Bagge: bratsj og fuglefløyte
Inga Margrete Aas: viola da gamba, objekter og fuglefløyte
John Andrew Wilhite-Hannisdal: kontrabass og fuglefløyte,
Erik Kimestad Pedersen: trompet og fuglefløyte
Marthe Lea: saksofon og vasskrukke
Andreas Hoem Røysum: klarinettar og fuglefløyte
Rolf-Erik Nystrøm: saksofonar
Fredrik Rasten: akustisk gitar, elektrisk gitar, vasskrukke, objekter og fuglefløyte
Anja Lauvdal: reinstemt harmonium, flygel og objekter
Matilda Rolfsson: slagverk.


Also check out other Concerts in Oslo.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Kunstnernes Hus, Wergelandsveien 17, 0167 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Get updates and reminders
Ask AI if this event suits you

Host Details

Improverk - konsertserie for improvisert musikk

Improverk - konsertserie for improvisert musikk

Are you the host? Claim Event

Advertisement
IMPROVERK: Hans Kjorstad Ensemble - URFRAMFØRING: Avkjølingshistorie, 9 November | Event in Oslo | AllEvents
IMPROVERK: Hans Kjorstad Ensemble - URFRAMFØRING: Avkjølingshistorie
Sun, 09 Nov, 2025 at 08:00 pm