Mållaget inviterer til haustseminar på Nynorskens Hus laurdag 18. og søndag 19. oktober!
Dette kan du sjå fram til:
•Stortingsvalet 2025. Kva får det å seie for sidemålssaka, grunnlovsendring og nynorsken?
Samtale med Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre og avtroppande leiar i Løvebakken Mållag, Åse Kristin Ask Bakke, stortingsrepresentant for Ap, Hans Andreas Starheim, nisjeredaktør i Alltinget og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
•Vegen mot Noreg 2025. Nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag
ved Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Mållaget og leiar i nemnda
•KI, språkteknologi og nynorsk. Kva er status og kva bør gjerast?
ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet.
Sjå heile programmet her:
https://www.nm.no/velkomen-til-haustseminar/
Praktisk og påmelding:
Haustseminaret er i Nynorskens hus, Rosenkrantz gate 8. Det er i Teatersalen til Bondeungdomslaget i Oslo. Middagen er på Kaffistova i same huset.
Deltakaravgift for éin dag inkl lunsj: 250 kroner
Deltakaravgift for begge dagane inkl lunsj: 500 kroner
Festmiddag på Kaffistova laurdag kveld 250 kroner.
Reisa til/frå Oslo og hotell må deltakarane eller laga betale sjølve.
Vi har avtale med Quality hotel Entry som ligg på Mastemyr, om lag 20 minutt med buss sør for Oslo. Pris for éi natt per person: 950 kroner. Du får tilsendt lenkje for tinging av rom når du har meldt deg på. (OBS! Du må stadfeste denne lenkja)
Påmeldingsfrist: For å sikre deg hotellrom, send påmelding i løpet av fredag 26. september.
Send e-post til
cGVyICEgYXJudHNlbiB8IG5tICEgbm8= (Skriv også om det er noko vi bør ta omsyn til med maten eller liknande.)
Lag som har svak økonomi kan ta kontakt for å høyre om dei kan få eigen avtale. Dette gjeld også lag i Norsk Målungdom. Send e-post til
Z3JvICEgbW9ya2VuIHwgbm0gISBubw==.
Alle er velkomne!
You may also like the following events from Noregs Mållag: