Internasjonalt samarbeid står i dag under press. Dette gjeld ikkje minst internasjonalt utviklingssamarbeid. Geopolitiske spenningar mellom stormaktene, aukande rivalisering mellom USA, Kina og Russland, og dessutan regionale konfliktar gjer det vanskeleg å oppnå konsensus i globale forum.
Som del av dette blir finansieringa av utvikling og tradisjonell hjelp svekka, både fordi rike land prioriterer eigne tryggleiks- og innanrikspolitiske behov, og fordi nye former for finansiering ikkje i tilstrekkeleg grad fyller gapet. Spørsmålet om rettferdig fordeling – mellom rike og fattige land, Nord og Sør – har vorte stadig meir prekært i møte med klimaendringar, pandemiar og gjeldskriser. Samtidig viser FN-prosessen om Finansering for utvikling og G20 sitt ministermøte i sommar at verda klarer å finne semje trass høg polarisering. Høgnivåveka i haust i FN, årsmøta i IMF og Verdsbanken, og dei kommande ministermøta i G20 vil by på nye moglegheiter – men også utfordringar.
KLIKK HER FOR Å MELDE DEG PÅ:
https://nupinytt.wufoo.com/forms/m1rpttn91kxecsh/
G20 har vakse fram som ein nøkkelarena for å handtere slike utfordringar, ettersom gruppa samlar både etablerte industriland og framveksande økonomiar. Likevel speglar også G20 dei djupe spenningane i dagens verdsorden. G20s dagsorden– frå klimafinansiering til global helse og gjeldslette – viser potensialet for samarbeid, men også den grunnleggjande usemja som svekkjer helsetilstanden til multilateralismen.
NUPI inviterer til diskusjon om korleis Noreg kan jobbe utover hausten for å bidra til reell framgang på utviklingsfeltet i ei polarisert verd, og kva rolle G20 og Noregs gjestelandsdeltaking kan spele i dette arbeidet.
Deltakarar:
Utviklingsminister, (Ap), Åsmund Grøver Aukrust
Forskar I, NUPI, Ole Jacob Sending
Direktør, NUPI, Kari Osland (ordstyrar)
Arrangementet strømmes også til vår YouTube-kanal:
www.youtube.com/nupinytt
Foto: iStock
You may also like the following events from NUPI:
Also check out other
Business events in Oslo.