Follow Pineapple Express - band Volda/Ørsta to get updates.
Follow Pineapple Express - band Volda/ØrstaHerreforeininga Pineapple Express. Karane har fast herreforeiningar med kaffi, fyrstekake og swiss-rull i eit øvingslokale i eit nedlagt industribygg i Ørsta. Repertoaret har vakse seg stort og svingande, og bandet spelar musikk frå mange ulike sjangerar, -viktigaste kriterium er at det skal vere kjekt å spele og skape god stemning. Dvs mykje god rock’n’roll musikkarv, fengande pop, litt Los Lobos og innslag av funk. Bandnamnet har bandet lånt frå bygdetrollet, som skulle ha det til at nybyggerane på Øvre Mo i Ørsta kommuniserte med kvarandre ved hjelp av Ananasar i vinduskarmen. Bandet kan diverre korkje bekrefte eller avkrefte desse rykta, men synes ideen var fiffig og at bygdetrollet i dette tilfellet har utvist stor kreativitet. Etter å ha spelt under konfliktorienterte bandnavn som "Rockegruppa Ottar" og "Faculty of Trump" gjekk bandet mainstream som Pineapple Express hausten 2015, med stor suksess. Bandet består av meir eller mindre kjende lokale heltar: Olav Sindre Kriken (vokal) Øyvind Krøvel (blås/perkusjon) Torgrim Skjerdal (tangentar) Ole Johnny Kvalsund (gitar) Vegard Grimstad (bass) Geir Arne Ose (verdensbestetrommis)