Nutheim Gjestgiveri

Nutheim Gjestgiveri

3 Events

Upcoming Events
Past Events

There are no upcoming events at the moment!

Follow Nutheim Gjestgiveri to get updates.

Follow Nutheim Gjestgiveri
We don't have past events information at the moment!

Past Events

About Nutheim Gjestgiveri

Me på Nutheim kan garantere at både kropp og sjel vil ha det godt her hjå oss. Om du skal på kurs, har noko å feire, vil reflektere eller berre stoppe og kvile er Nutheim staden. Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie. Kunsten står i høgsetet hjå oss. Det var hit til Nutheim mange av våre fremste målarar kom for inspirasjon gjennom fleire tiår. Her tok dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og gjestfridomen. Den fjerne utsikta over dalar og fjell inspirerer like mykje til sjelefred som til nye djerve tankar. Saman med fellesskapet forløyste desse rammene skapande krefter som har sett djupe spor i norsk kunsthistorie. Nutheim er den dag i dag ein arena for kunst og kultur. Med jamne mellomrom held me arrangement i form av til dømes utstillingar og konsertar, og dersom kursgjester eller andre har ynskje om kulturinnslag kan me ty til eit breitt utval av dyktige kunstnarar og underhaldarar i lokalmiljøet.

Get Nutheim Gjestgiveri Event Updates