Etter eit vellukka standupshow i Vinje i vår, er me glade for å kunne invitere til ein ny runde i haustferien i samarbeid med Suber. Ta med deg latteren og bli med på ein kveld fylt med humor og god stemning!
Steinar Sagen og Henrik Elvestad, tar nå steget ut av tv- og podcast-verden for å lage eit sceneshow. Duoen er klare for å ta det humoristiske uttrykk sitt ut på vegen for å underhalde publikum over heile landet. Steinar Sagen, kjent frå blant anna "Radioresepsjonen" og «Papaya» og mange TV-prosjekt, har ein spesiell evne til å kombinere sarkasme, absurde situasjonar og ein uredd tilnærming til humor. Saman med Henrik Elvestad, kjent frå Golden Goal og Idrettsforeldre på TV2, er dei eit dynamisk team som har fått eit solid fotfeste i den norske humorscenen. Deira humor har alltid vore lett å kjenne att for folk, med ei blanding av skarp observasjon, vittige kommentarar og ein leiken tilnærming til alt frå kvardagsliv til meir obskure emner. Nå er duoen klar til å levere noko heilt nytt i form av eit «helaftenshow!» Det er 18 års grense med sal av øl og vin. Håpar me sjåast og røast.
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
Tickets for Standup med Sagen og Elvestad can be booked here.