KONFERANSE - Folkemusikk på vandring: Transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjonar, 17 September

KONFERANSE - Folkemusikk på vandring: Transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjonar

Norsk folkemusikklag

Highlights

Wed, 17 Sep, 2025 at 12:00 pm

Akademiet 2, 3864 Rauland

Advertisement

Date & Location

Wed, 17 Sep, 2025 at 12:00 pm - Fri, 19 Sep, 2025 at 03:00 pm (CEST)

Akademiet 2, 3864 Rauland

Raulandsvegen 1217, 3864 Skålestrondi, Norge, Notodden, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

KONFERANSE - Folkemusikk på vandring: Transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjonar
I 2025 er det 200 år sidan dei fyrste utvandrarane frå Noreg dro til Nord-Amerika. I tiåra som fylgde reiste om lag 800 000 nordmenn over for å søkje lukka, og det vaks fram store norsk-amerikanske miljø, særleg i Midtvesten. Blant desse var musikarar, songarar og dansarar, som alle tok med seg norske tradisjonsuttrykk.

Migrasjon er ein sentral del av den norske historia, også den folkemusikalske historia. Norsk folkemusikklag ynskjer å belyse den transatlantiske utvekslinga av folkemusikk- og dansetradisjonar gjennom konferansen “Folkemusikk på vandring” – NFL sin fagkonferanse for 2025. På denne konferansen vil vi bli betre kjend med nokre av dei som utvandra, og med korleis folkemusikk- og dansetradisjonane etter dei norske utvandrarane har utvikla seg fram til våre dagar.

Temaa på konferansen spenner breitt, frå konsertføredrag om meisterspelemannen Olav Moe sine spelferder i Amerika på starten av 1900-talet, til innlegg om dagens folkedansgrupper i det øvre Midtvesten. Om springartradisjonen i Nord-Amerika, og korleis den kjem til uttrykk i dag, og om den norske folkesongen på andre sida av havet.

Dette blir ei sjeldan moglegheit til å få med seg eit breitt program som kastar lys over mange tema knytt til utvandringa og korleis den prega folkemusikken og -dansen. Vi håpar du vil nytte høvet, og at vi ser deg på konferansen!

Sjå heile programmet her: https://norskfolkemusikklag.wordpress.com/2025/08/28/folkemusikk-pa-vandring-transatlantisk-utveksling-av-folkemusikk-og-dansetradisjonar-2/

Meld deg på konferansen her (frist: 10. september): https://norskfolkemusikklag.wordpress.com/2024/09/16/pamelding-til-nfl-konferanse-17-til-19-september-pa-rauland/

Foto: Anno Musea i Nord-Østerdalen (public domain)


Also check out other Business events in Notodden, Conferences in Notodden.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Akademiet 2, 3864 Rauland, Raulandsvegen 1217, 3864 Skålestrondi, Norge, Notodden, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Norsk folkemusikklag

Norsk folkemusikklag

Are you the host? Claim Event

Advertisement
KONFERANSE - Folkemusikk på vandring: Transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjonar, 17 September
KONFERANSE - Folkemusikk på vandring: Transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjonar
Wed, 17 Sep, 2025 at 12:00 pm