Ein forteljarkonsert frå Scene Nords avdeling Folkemusikk Nord om å satse, om å reise og om å bli.
Velkommen til Fortellarkonsert!
Ômvesla spilles for Nordnorsk ungdomssamling som er på Evenes skole denne helga, men er også åpen for bygdefolket. Gratis inngang!
Nina Fjeldet er ei kvinne i sin beste alder. Saman med fela reiser ho gjennom livet og møter folk og historier langs vegen. I forteljarkonserten «Ômvesla» tek ho publikum med på ei reise frå Gudbrandsdalen til Indre Troms, via Palmehaven i Trondheim, konsentrasjonsleiren Auschwitz, og langs landevegen med romanifolket. På vegen møtes fridom og forfølgelse, framskritt og fattigdom, felespel og forteljarglede. Og som ein raud tråd står folket midt i verda og gjer så godt dei kan.
Nina har arbeidd i folkemusikken- og folkedansens teneste i to tiår, dei siste 10 åra med base i Målselv. Ho formidlar gjerne til barn og unge, elskar å spele til dans, har turnert med dansekompaniet Kartellet, familieframsyninga «Danse, sa fela!», «Landslaget for spelemenn» og meir. Ômvesla er hennes fyrste soloframsyning – produsert av Riksscenen, med støtta frå Norsk Kulturråd.
Medvirkende:
Nina Fjeldet – fele og forteljing
Tekst og musikk: Nina Fjeldet
Tekstleg rettleiing: Liv Gulbrandsen
Regi: Silje O. Hålien
Foto: Tone Ingvaldsen
You may also like the following events from Scene Nord: