Velkommen til ein gild dag for strikkeglade. Arrangementet Tråd på pinnen har blitt arrangert fleire gonger på VItengarden. Dette er ein dag der ein skal bli inspirert, ha tid til strikking og drøs, læra noko nytt samt nyta god mat og drikke. Arrangementet har vore fullbooka tidlegare så her er det lurt å sikra seg billett.
Program for dagen:
Kl. 10:00 Velkommen. Presentasjon av dagens program.
Kl. 10:05 CTEgarn, eit lite garnfargeri med både plantefarga og syrefarga garn.
Kl. 10:45 Pause, god tid til drøs, strikking, shopping m.m
Kl. 11:45 Knit&Note, ditt personlige strikkeunivers. Appen som forenklar din strikkekvardag. Presentasjon av ulike garnkvalitetar frå Knit&Note.
Kl. 12:30 Lunsj. Kjempegod suppe med heimelaga brød til.
God tid til drøs, strikking og shopping m.m.
Kl. 13:30 Sjølingstad Uldvarefabrik, ein levande museumsfabrikk med eige kraftverk, fargeri, spinneri og veveri.
Kl. 14:15 Kaffi med noko søtt attåt og loddtrekning
Kl. 15:00 Vel heim
Pris: Foredrag + lunsj kr. 495,-. Billett må kjøpast i forkant.
Merk at om du har allergiar ber me deg om å sende ein e-post om dette til
dml0ZW5nYXJkZW4gfCBqYWVybXVzZWV0ICEgbm8= seinast ei veke før arrangementet.
Butikkar:
Alle foredragshaldarar vil ha med garn og produkt for sal. Her kan ein få museumsgarn frå Sjølingstad Uldvarefabrikk, handfarga garn frå CTEgarn og mange ulike garntypar frå Knit&Note.
You may also like the following events from Vitengarden: