Kva er ein primstav? Korleis organiserte folk liva sine med primstaven? Og ville livet blitt betre om me gjekk tilbake til dette kalendersystemet?
Saman med Ellen Hagen ved Arkeologisk museum i Stavanger ser me nærmare på primstaven. Arrangementet er i samarbeid med Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.
I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om -arrangement. Arrangementa vil vera opplysande og underhaldande, med tema som er lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle eller spesielle.
Utgangspunktet for oktober-arrangementet er at ein snur primstaven. Primstavsnu er markert med eit vottesymbol, og Ellen Hagen vil ta med både primstaven og votten, nærare bestemt jubileumsvotten til Stavanger sitt 900-årsjubileum. Her er det berre å gle seg! Hagen vil fortelja oss kva ein primstav er, korleis folk organiserte dagane før i tida, og kva me kan læra av primstaven i dag. Etter foredraget blir det mogleg å delta på demonstrasjon og uttesting av den gamle og raudlista handverksteknikken nålebinding. Modellen for teknikken er ingen ringare enn jubileumsvotten til Stavanger sitt 900-årsjubileum. Dei som vil kan og få med seg oppskrifta på jubileumsvotten heim.
Ellen Hagen arbeider som museumspedagog på Arkeologisk museum i Stavanger. Ho har lang erfaring i å formidla historier frå steinalderen til i dag for både unge og vaksne, og driv i tillegg undervisningsopplegg og demonstrasjonar i gamle handverk, slik som blant anna nålebinding.
Program:
Kl 12.00-13.00: Foredrag om primstaven, ved Ellen Hagen
Kl 13.00-14.00: Demonstrasjon og uttesting av nålebinding, med alle som vil
Velkommen!
Inngang: 100 kr
Inngang inkluderer servering av kaffi/te og lefser.
Påmelding til:
cG9zdCAhIGhncCB8IGhhICEga29tbXVuZSAhIG5v merk epost med “Kvifor bry seg om / primstaven”
You may also like the following events from Hå Gamle Prestegard: