Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi og steller i stand til god, gamaldags førjulstid. Det har vi gjort kvart år sidan 1994. Alltid første sundag i desember.
Velkomne til årets Skarke!
Fyrste syndag i advent fyller med museet med joleglede, venlege smil og varme i ei ellers kald tid.
Kva skjer?
- Lær om gamle førjulstradisjonar
- Høyr lyden av dombjeller og kulturskulen
- Lag julepynt og sopelime
- Sjå demonstrasjon av handverk
- Kjøp julegaver og mat til julebordet på førjulsmarknaden
- Opplev vennelagsbasar, kl. 15.00
- Open museumskafé og utandørs matsal på festplassen
Parkering ved Valdres Folkemuseum og i parken på Fagernes
STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Sundag 7. desember 2022 Kl 12.00-16.00