Velkomen til kunstutstilling på Litteraturtunet, med tema natur, naturen me er så glade i, med to av våre biletkunstnarar frå Valdres!
Appell ved Ole Morten Fossli, koordinator for Forum for Natur og Friluftsliv.
Kunstnarane presenterer eige arbeid og kunst.
Utstillinga er ei salsutstilling, og vil vere ope begge dagar frå 12.00-16.00.
Om Sara van der Moer:
Sara er biletkunstnar busett på Fagernes. Ho arbeider med både portrett og landskapsbilete i teikning og måleri. Ho hentar inspirasjon frå naturen både i Valdres og andre stader. Fleire av motiva er henta frå natur som på ulike måtar er truga. Gjennom sitt kunstnariske uttrykk ynskjer Sara å fange og formidle naturen si skjønnheit og sårbarheit.
Om Ivar Andreas Vaa:
Ivar bur i Aurdal og måler bilete med olje og akvarell. Han brukar mykje tid i naturen og bileta hans er nær knytt til augneblink og opplevingar der. Han ynskjer at bileta hans skal skapa møte mellom dei som ser dei, og han som målar. Eit slags møte ved "leirbålet".
Musikk ved Lars Skattebu, multiinstrumentalist og komponist frå Øystre Slidre. Han har vore med på fleire utgjevingar, blant anna med Blått Gådn, Norsk Poesi og Synvis.
Han har også skrive film- og scenemusikk.
Opplesing av eigne dikt ved Odd Arne Rudi, etablerar av Litteraturtunet. Odd Arne finn ei eigen ro i det å skriva dikt, noko av det blir bra, men det viktigaste for han er å kunne skapa noko.
Odd Arne les gjerne dikt på oppmoding gjennom desse dagane.
Enkel bevertning.
Praktisk informasjon:
-Parkering ved nedkjørsla til Litteraturtunet
-Utstillinga er ope frå 12-16 begge dagar, med moglegheit for kjøp av kaffi med noko attåt.
Kontaktinfo:
Odd Arne Rudi, tlf. 97 68 90 65 / e-post:
b2RkICEgYSAhIHJ1ZGkgfCBob3RtYWlsICEgY29t
Also check out other Business events in Lillehammer, Arts events in Lillehammer, Entertainment events in Lillehammer.