Som ein takk til alle som har vore med som frivillige heltar
under sommarens arrangement, skipar vi til ein frivilligfest i
Festsalen på Valdres Folkemuseum laurdag 4. oktober kl.
19.00.
Det blir servering av majel, konsert med Marit Karlberg og
Øyonn Groven Myhren, kaffe, kake, dans og spel. Heile gildet
er gratis, og vi håpar at så mange som råd av dykk har høve
til å møte. Fjordkafeen har ope utover kvelden, slik at dei
som ynskjer kan kjøpe seg drikke der.
Vel møtt til ein triveleg kveld der vi skal gjere
skikkeleg stas på dykk!
Tid: Laurdag 4. oktober kl. 19.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum
Påmeldingsfrist: Måndag 29. september til
cG9zdCB8IGhpbG1lICEgbm8=
Var du ikkje frivillig i sommar, men vil vere med på laget? Send ein epost og meld deg på - du betalar då 200 kr inngang.
You may also like the following events from Jørn Hilme-stemnet:
Also check out other
Concerts in Lillehammer.