"Eit lysande mørker", 14 December | Event in Kjeller | AllEvents

"Eit lysande mørker"

Kulturverket Flammen

Highlights

Sun, 14 Dec, 2025 at 07:00 pm

1.5 hours

Kulturverket Flammen

Advertisement

Date & Location

Sun, 14 Dec, 2025 at 07:00 pm to 08:30 pm (CET)

Kulturverket Flammen

Borghild Ruds Vei 3, Rotnes, Kjeller, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

"Eit lysande mørker"
Jon Fosses storverk i ein annleis teaterframsyning. Engegårdkvartetten, skodespelar Gjertrud Jynge og biletkunstnar Marianne Heske foreinar krefter i denne konsertframsyninga basert på Jon Fosses «Septologien».

Forteljinga om Asle
«Den aldrande kunstmålaren Asle har ikkje fleire bilete i seg, og har i år for fyrste gong takka ja til å feira jul i lag med naboen Åsleik. I alle år har han måla på julaftan, i ei freisting på å måla alle bileta i hovudet vekk, og for å sleppa å tenkja på alt som er vondt å tenkja på. Som kona Ales, ho døydde frå han så altfor tidleg. Men ein lausunge blir fødd i ei løe, og sikkert er det at det er når det er som svartast at lys kan sjåast.»

Kammermusikk og videomåleri
Nobelprisvinnar Jon Fosse skreiv Septologien i åra 2019–2021. No har skodespelar Gjertrud Jynge frå Det Norske Teatret bearbeidd romanverket for konsert. I samspel med Engegårdkvartetten byr ho med denne premieren på ein annleis konsert. Du får høyre forteljinga om Asle, og kammermusikk i spennet frå gamalt til moderne, det folkelege og det sakrale. Eitt av videomåleria til biletkunstnar Marianne Heske er visuelt følgje i framsyninga.

Prosjektets medverkande
Gjertrud Jynge er anerkjend som ein av dei fremste tolkarane av Jon Fosse. Jynge har fått Fosses løyve til å omarbeida Septologien, og har invitert Engegårdkvartetten til å vera med på denne konsertframsyninga. Då Marianne Heske kjem frå Vestlandet til liks med Jon Fosse, og dei to kunstnararne nyt gjensidig respekt, var det eit openbert val å bruka Heskes kunst i framsyningane.

Musikkverk som blir fletta inn i forteljinga
Claude Debussy: Andantino, doucement expressif fra Strykekvartett i g moll opus 10,
György Kurtág: 12 Microludes for String Quartet, Op. 13, “Hommage à Mihály András”
Trad. norsk arr. Bjørn Andor Drage: Bruremarsj frå Eide
Geir Tveitt arr. Engegårdkvartetten: Dan fagraste viso pao joræ
Béla Bartók: Adagio molto fra String Quartet No. 5, Sz. 102, BB 110
Trad. norsk arr. Bjørn Andor Drage og Engegårdkvartetten: En smuk aftensang
Alfred Schnittke: Stille Nacht
Trad. arr. Sigmund Lillebjerka og Engegårdkvartetten: Joik Suite
Gamleåret seig i Hav av Elias Blix, folketone fra Lofoten
J. S. Bach: koraler fra Juleoratoriet

Gjertrud Jynge
(f. 1966) frå Tromsø er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole (1990-1993) og er fast tilsett ved Det Norske Teatret. Ho har hatt berande roller i ei rekkje dramatiske, humoristiske og musikalske teaterframsyningar. Gjertrud Jynge har fått Heddaprisen for Beste kvinnelege birolle/medspelar for rollene som Christine Mannon i Sorga kler Elektra og Maria Steuber i Tida og rommet, og som Beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle for rolla som Ales i Trilogien. Denne fekk ho også Kritikerprisen for. Ho mottok også Heddaprisen for Særleg kunstnarleg innsats for i lag med resten av ensemblet i Edda.

Engegårdkvartetten

ARVID ENGEGÅRD—FIOLIN
AMANDA HORN—FIOLIN
JULIET JOPLING—BRATSJ
JAN CLEMENS CARLSEN—CELLO

Engegårdkvartetten ble grunnlagt i Lofoten i 2005. De har omfattende konsertvirksomhet nasjonalt og internasjonalt. En rekke plateutgivelser, utgitt blant annet på 2L, BIS, Simax og LAWO CLASSICS, har høstet internasjonal anerkjennelse. Deres utgivelse av Johan Kvandals samlede strykekvartetter var nominert til Spellemannprisen 2023. Kvartetten har samarbeidet med internasjonale størrelser innenfor klassisk musikk. I tillegg til det klassiske kjerneprogrammet, er kvartetten engasjert i samtidsmusikk og fornyelsen av strykekvartettrepertoaret. Engegårdkvartetten er støttet av Kulturrådet.

Arrangør: Kulturverket Flammen


You may also like the following events from Kulturverket Flammen:

Also check out other Concerts in Kjeller, Music events in Kjeller, Entertainment events in Kjeller.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for "Eit lysande mørker" can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Kulturverket Flammen, Borghild Ruds Vei 3,Rotnes, Kjeller, Norway
Reserve your spot

Host Details

Kulturverket Flammen

Kulturverket Flammen

Are you the host? Claim Event

Advertisement
"Eit lysande mørker", 14 December | Event in Kjeller | AllEvents
"Eit lysande mørker"
Sun, 14 Dec, 2025 at 07:00 pm