Verdskriser. Informasjonskaos. Ein kvardag som krev meir enn me eigentleg har å gi.
Korleis møter me det – utan å miste oss sjølv?
Hebnes vingard inviterer til ein kveld utanom det vanlege. Me er vertskap for Mental beredskap, eit interaktivt foredrag der Maiken frå Skap Flyt og Nina frå Urteloftet deler både fagkunnskap og levd liv – med mål om å tenne ein gnist og gi deg nyttige verktøy for kvardagen.
🌀 Maiken er mentaltrenar med kraft og klarheit. Ho frontar viktigheita av å trene hjernen – og gir deg innsikt i korleis tankesett, prioriteringar og fokus kan bli din beste beredskap.
🌿 Nina brenn for eigenomsorg og heilskapstenking, og meiner me må ta utgangspunkt i kroppen og livet me faktisk har – ikkje det me skulle ønska. Ho deler frå eiga reise og eigne verktøy: frå meditasjon og massasje til små grep i kvardagen som gjer ein stor forskjell.
🫱🫲 To ulike personar. To ulike energiar. Éin felles intensjon: Å inspirere deg til å ta betre vare på deg sjølv – midt i ei uroleg verd.
Velkommen til ei kveld for refleksjon, inspirasjon og mental påfyll!
--
Dørene opnar: 18:30
Arrangementstidspunkt: 19:00
Varar i: 90 minutt
Aldersgrense: Inga aldersgrense
Tilkomst: Parkering framføre Vinstova (stor grå driftsbygning i Hebnesvegen 1795)
Tilrettelagt for rullestol: Ja
Foto:
Topp-bilde Canva-AI
You may also like the following events from Hebnes vingard: