🎄 Joleverkstad på biblioteket 🎄
13. desember kl. 11–16
Velkomen inn i jolestemninga!
Denne dagen fyller me biblioteket med grautdamp, jolemusikk, kreativt kaos og gode folk i alle aldrar – akkurat slik ein joleverkstad skal vere.
Her kan du:
✨ laga din eigen halmbukk
✂️ laga jolekort og til-og-frå-kort
🎨 teikne på stein
⭐ laga joletrepynt av ispinnar og kongler
🎁 laga pynt av dorullar og andre artige material
… og sikkert meir me finn på undervegs!
Gratis graut! 🎅🏻
Me serverer risgraut, saft, klementinar og peparkaker.
Det vert òg musikalske innslag, og ellast spelar me jolemusikk på høgtalarane for å halde stemninga på topp.
Det er inga påmelding, ingen forpliktingar og ingen fasit.
Vil du vere med heile dagen? Topp!
Vil du berre innom for å eta graut? Fyll magen din!
Lyst til å laga éin ting – eller alt? Sjølvsagt!
Vil du berre vere her, kjenne på roa og prata med kjekke folk? Velkomen skal du vera!
Arrangementet passar for alle, unge som gamle.
Ta med deg familie, vener eller berre deg sjølv, og kom innom for litt førjolskos. ❤️
Arrangørar: Biblioteket og resten av Kultur og fritid-avdelinga, saman med Valle Bygdekvinnelag, og flotte elevar frå vidaregåande skula.