Torbjørg Haugen serverer historier frå eit langt liv som "drivstoffansvarleg" for toppidrettsfolk.
Opptil 230 dagar i året på reisefot i lag med Petter Northug, Terese Johaug, Erling Braut Haaland og skiskyttarlandslaget fører med seg mest like mange gode historier.
Mat er svært viktig for alle, men for idrettsfolk er det heilt avgjerande. Tante har gjennom 30 år vore ein viktig del av utviklinga av toppidrettskulturen. Det vart sett ein ny standard for korleis løparane skulle få i seg nok mat, nok energi. Erfaringa og resultata gjorde at andre fatta interesse for denne sida av toppidretten. Dette fekk Ole Gunnar Solskjær til å ta ein telefon til Tante. Han var nettopp blitt trenar for Molde, og fotballspelarar var ikkje kjent for å vera nøye med kosthaldet. Tante fekk 11 år i Molde. Dei første åra var Ole Gunnar trenar, resten av tida Erling Moe.
«Tante sin tilnærming til ernæring overført til fotballkontekst har betydd mye for den fysiske utviklingen av mine spillere/lag i tiden vi hadde sammen i Molde.» Ole Gunnar Solskjær
«I utviklingen av en gruppe er trivsel viktig. Ernæring er en stor del av det i det daglige virke. Smak, form og farge er essensielt for at spillerne får i seg rett mengde. Her er Tante eksepsjonell. I tillegg er hun trivselfaktor in persona.» Erling Moe
I dette svært så underhaldende foredraget auser Tante opp frå ein djup brønn av historier.
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
Tickets for Med tante Kokk på tur can be booked here.