Konsert og songbokbad: Tom Roger Aadland, 30 October | Event in Haugesund | AllEvents

Konsert og songbokbad: Tom Roger Aadland

Haugesund folkebibliotek

Highlights

Thu, 30 Oct, 2025 at 08:00 pm

1.5 hours

Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway

Advertisement

Date & Location

Thu, 30 Oct, 2025 at 08:00 pm to 09:30 pm (CET)

Kirkegata 151, Norway Haugesund

Kirkegata 151, 5527 Haugesund, Norge, Haugesund, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Konsert og songbokbad: Tom Roger Aadland
Rockepoeten Tom Roger Aadland er ein av dei mest kritikarroste låtskrivarane her i landet dei siste åra. No blir songtekstane hans tilgjengelege i boka «Alle dei i ei – Songlyrikk 1999-2024», som kjem ut på Fonna Forlag. Me feirar med konsert og «songbokbad» på Haugesund Folkebibliotek!

Aadland slo gjennom med Dylan på nynorsk-albumet «Blod på spora» i 2009. Så begynte han å skriva på nynorsk sjølv, og til no har det kome elleve kritikarroste album frå hans hand. Fleire av songane hans har blitt mykje spelt på norsk radio, og mange vil kjenna igjen titlar som «Like til mi dør» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjent som tekstforfattar for mellom anna Hellbillies og Vamp, og han har hatt skrivesamarbeid med Kjartan Fløgstad og Trygve Skaug. I den nye boka er alle tekstane frå hans eigne soloplater samla.

«Som Dylan kan Aadland med nokre enkle, suggestive fra­sar teikne opp ein augneblink og lade han med noko som får han til å verke avgjerande», skreiv Dag og Tid for ti år sidan. Då albumet «Motgift» kom ut, skreiv Klassekampen: «Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer.» «Poesien sin misjon er ikkje å ta i bruk dei største orda, men å smi dei små orda i linjer og vers, gi dei meining», skriv lyrikaren Endre Ruset i føreordet til boka. Aadland sin songlyrikk rommar både det nære og det vidfemnande.

Aadland sine Dylan-gjendiktingar har blitt lagt merke til av mange, og då biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan tolka av Aadland det musikalske ønsket hennar, og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Då høver det bra at haustens første «songbokbad» blir med biskop Anne Lise Ådnøy under litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger. Deretter drar Tom Roger Aadland på landsomfattande turné med blodfersk bok i gitarkofferten. På Haugesund Folkebibliotek er det journalist og litteraturformidlar Åsmund Ådnøy som leiar samtalen med Aadland.

Skipas med tilskot frå Haugesund Mållag og Ungdomslag


You may also like the following events from Haugesund folkebibliotek:

Also check out other Concerts in Haugesund.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Konsert og songbokbad: Tom Roger Aadland can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Kirkegata 151, Haugesund, Norway Haugesund, Norway
Reserve your spot

Host Details

Haugesund folkebibliotek

Haugesund folkebibliotek

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Konsert og songbokbad: Tom Roger Aadland, 30 October | Event in Haugesund | AllEvents
Konsert og songbokbad: Tom Roger Aadland
Thu, 30 Oct, 2025 at 08:00 pm