Sundag 26. oktober blir det arrangert støttekonsert for Gaza i Ål kulturhus.
Situasjonen i Gaza er ei humanitær katastrofe, og aller verst går det ut over borna. Meir enn 50 000 born er drepne eller skadde til no. Samtidig står nærare 1 000 000 i fare for akutt underernæring, og stadig fleire internasjonale organisasjonar konkluderer med at det pågår eit folkemord.
Billettinntektene frå denne konserten går uavkorta til Røde Kors sitt arbeid for å få mat, hjelpeartiklar og legehjelp fram til dei som treng det mest.
På scena står mellom andre Stein Torleif Bjella, Tuva Syvertsen, Selma French, Erlend Apneseth Trio, Spove og Morgonrode.
Fleire artistar blir sleppte fortløpande!