Sundag 26. oktober blir det arrangert støttekonsert for Gaza i Ål kulturhus.
Situasjonen i Gaza er ei humanitær katastrofe, og aller verst går det ut over borna. Meir enn 50 000 born er drepne eller skadde til no. Samtidig står nærare 1 000 000 i fare for akutt underernæring, og stadig fleire internasjonale organisasjonar konkluderer med at det pågår eit folkemord.
Billettinntektene frå denne konserten går uavkorta til Røde Kors sitt arbeid for å få mat, hjelpeartiklar og legehjelp fram til dei som treng det mest.
På scena står mellom andre Stein Torleif Bjella, Selma French, Erlend Apneseth Trio og Morgonrode.
Fleire artistar blir sleppte fortløpande!