Og bare deg og meg, 13 March | Event in Hønefoss | AllEvents

Og bare deg og meg

Sprang

Highlights

Fri, 13 Mar • 07:00 PM

Ål kulturhus

15+ people are Interested
Advertisement

Date & Location

Fri, 13 Mar • 07:00 PM (CET)

Ål kulturhus

Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Og bare deg og meg
Og bare deg og meg er ei forestilling der verda til Jon Fosse møter språket i dansen og musikken. I møte med teksten til Fosse, utforskar Emma Öberg og Jon Bugge Mariussen korleis me menneske ber tid og minne i kroppen. Kva er det synlege og det usynlege i oss?

I nært samarbeid med dansar og musikar Tuva Færden opnar dei opp tid og rom, og rører seg gjennom fleire tidsplan samtidig - fortid, notid og framtid blir til eitt.

Inspirert av karakterane i Jon Fosse sin Og aldri skal vi skiljast, flyt forestillinga mellom fleire tilstandar. Kjensler, minne, og draumar sklir over i kvarandre og formar, og omformar, notida. Publikum blir inviterte inn til eit sanseleg og poetisk møte mellom rørsle, tekst, og musikk - der fleire røynder får lov til å eksistere samtidig.

Tuva Færden tek med seg eit breidt musikalsk uttrykk - med hardingfele og lyre i handa. Jon Bugge Mariussen foreinar samtidsdans med impulser frå norsk folkedans og perkusjon, medan Emma Öberg sin samtidsdansbakgrunn ber spor av balinesisk tradisjonsdans. Og bare deg og meg er deira fyrste kunstnariske samarbeid.


Emma Öberg - koreograf, produsent og utøvar
Jon Bugge Mariussen - koreograf, produsent, utøvar og med-komponist
Tuva Færden - komponist og medskapande utøvar
Marita Solhjell Ølander - kostyme & scenografi
Rettleiarar: Marius Kjos, Caroline Wahlström Nesse
Co-produsentar: Rom for dans og Sprang
Støtta av: Kulturrådet, Region Östergötland, Statens Kunstnerstipend.
I samarbeid med: Linköpings Kommun.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Og bare deg og meg can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway
Reserve your spot

Host Details

Sprang

Sprang

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Og bare deg og meg, 13 March | Event in Hønefoss | AllEvents
Og bare deg og meg
Fri, 13 Mar • 07:00 PM