Framsyninga «Hundre og eitt ute» byggjer på siste bokprosjektet til Trond Andersson og Eldgrim H. Springgard. Trond finn inspirasjon ute i naturen og haustar av alt som er å sjå; ei rot, ei grein, ein fugl, ein fisk. Ved teiknebordet blir det naturskapte forma om til fantasifulle skapningar, og i neste omgang gir Eldgrim stemme til dei merkverdige skapningane.
Med komponist/musikar Jo Asgeir Lie og skodespelar Kjersti Dalseide på laget, kom tanken om å la nokre av figurane oppleve rampelyset. I denne framsyninga vil publikum, gjennom musikk og formidling av tekst og bilete, møte røter og andre raritetar frå det nære uterommet. Vil du vera med så heng på. Måndag 13. oktober kl. 19:00 er Hundre og eitt ute.
Desse er med:
Trond Andersson – teikningar
Eldgrim H. Springgard – tekst
Jo Asgeir Lie – ny musikk
Kjersti Dalseide – formidling
Bård Svardal – film/foto
Erlend Hagen – regi
Tanken Arena, måndag 13. oktober kl. 19:00
Billettar kr 250,-