Bli med på ei episk reise i Pink Floyd si verd - bli med "From Pipers to Bells".
A Saucerful of Secrets, Norges fremste Pink Floyd hyllestband, inviterer deg til ei musikalsk reise som tek deg gjennom det legendariske Pink Floyd-universet. I det nye showet, "From Pipers to Bells," får publikum både eit gjenhøyr med Pink Floyd sine største hits, samtidig som dei utforskar dei djupare delane av katalogen som få andre vågar å tolke.
Med ein lidenskap for musikken til Pink Floyd, som er uovertruffen, gjev A Saucerful of Secrets liv til kvar einaste tone og tekst på scena. Dette er ikkje berre ein hyllest, det er ei unik oppleving! Bandet tar deg med på ei reise gjennom Pink Floyd sine tidlege dagar, frå "The Piper at the Gates of Dawn" til meisterverket "The Division Bell."
A Saucerful of Secrets syner i dette showet at dei meistrar Pink Floyd sitt unike lydlandskap til gagns. Du vil oppleve det svevande, psykedeliske lydbiletet, dei kjensleladde vokalane og den atmosfæren som Pink Floyd var så kjent for. Men viktigast av alt, bandet legg sin eigen lidenskap og sjel inn i kvar einaste tone dei spelar, og det merkar publikum.
Dette er ein konsert for dei som set pris på ekte musikalsk meisterskap og lidenskapen bak kvar note. Med "From Pipers to Bells" har du eit høve til å fordjupe deg i Pink Floyd sitt musikalske univers.
Ikkje gå glipp av denne sjansen til å bli med på den magiske Pink Floyd-reisa!
You may also like the following events from Ål kulturhus:
Also check out other
Concerts in Hønefoss.