Velkomen til Norli Elvetorget!
Vi får besøk av sjølvaste Leif Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, som signerer den nye boka si "Lothepus-manualen"!
Han vil vere her ein time for å signere bøker til dei som ønskjer å kjøpe denne! Vi har også nokre av dei tidlegare Lothepus-titlane inne til ein god pris; "Lothepus: Går det til helvete, så går det til helvete" og "Lothestrikk" 😊
Vi gler oss!
Forlagets omtale av boka:
Leif Einar Lothe (56) er kjendis, stavkyrkjebyggjar, entreprenør og glad i dynamitt. I tillegg er han jeger, kaptein, musikar, far og sambuar.
I denne boka har han plukka ut praktiske triks som er jækla kule å kunna. Du lærer alt frå å sløya fisk og handtera ei sag til å investera pengar, pakka tursekken og gjera deg klar til jobbintervju.
Han gir òg kloke livsråd om tillit, samliv og prestasjonsangst – og kva du gjer den dagen tankane er så tunge at du ikkje orkar å stå opp.
Boka er skriven av journalist Heidi Molstad Andresen."
Håpar vi sjåast! 🤠