Klassisk yoga og meditasjon - trinn 1
Dette er eit kurs for deg som ønsker å lære deg effektiv avspenning, styrke kroppen litt og mjuke opp stive musklar. Kurset er eit grunnkurs og ein introduksjon til yoga.
Derfor passar det godt for deg som er ny til yoga, men også om du har praktisert yoga ei stund og ønsker ei oppfrisking.
Du vil få gjere deg erfaringar med fysiske øvingar, pusteøvingar, avspenning og grunnleggande meditasjon. Programma er sett
saman for å gi ein heilskapleg verknad på kropp og sinn.
Øvingane er ikkje vanskelege og det er ikkje naudsynt å utføre alle øvingane for å ha utbytte av yogaen. Har kroppen din fysiske avgrensingar kan du utføre øvingane så godt du kan, eller stå over.
Kurset går over 8 veker, med 1 time og 30 minutt lange økter. Det er lagt opp til at det skal vere ein progresjon i det du lærer gjennom kurset.
Tidspunkt: Kurset startar tysdag 23. september kl. 18.00-19.30, og held fram på tysdagar dei 8 påfølgande vekene. Siste økt blir dermed tysdag 18. november.
Stad:
Flora yoga og velvære studio, Markegata 61, 2. etasje, Florø.
Pris:
EARLY BIRD pris kr 1900,- om betalt senest 15. september. Etter det kr. 2100,- per deltakar.
Påmelding:
På SMS til Yogalærer Kristian Havn: tlf. 47 66 68 27. Hugs å skrive ditt fulle namn i
meldinga.
Du kan kontakte meg på også på Messenger på Facebooksida «Yoga- og meditasjonslærer Kristian Havn»:
https://www.facebook.com/profile.php?id=61579181865375
Maks påmeldte er 15 deltakarar, og kurset må få minimum 6 påmeldte for å bli halde.
Dersom kurset blir avlyst på grunn av for få deltakarar eller andre årsaker, blir betalinga di refundert.
Avmeldingsfrist, dersom ein ønsker refusjon for betaling, er 48 timar før kursstart, altså søndag 21. september, kl. 18.00. Ingen refusjon etter dette.
Betaling:
Vipps til Yogalærer Kristian Havn, tlf. 47 66 68 27.
Eller betal til kontonummer: 3705 40 14970.
Betalinga di bekreftar plassen din på kurset.
Also check out other Health & Wellness events in Førde.