Vi inviterer til diktardagen for små og store. Bli med på feiringa av diktaren Jakob Sande sin fødedag og starten på adventstida!
Små og store er invitert på julegraut og høgtlesing av Nattninja med Rolf-Magne Golten Andersen oppe i Løa kl. 17-18.
Kl. 18.00 tenner vi lysa på det flotte tuntreet i Klokkargarden og vi syng Jakob Sande sin kjære julesong saman.
Tidlegare på dagen har elevar frå valfaget Produksjon for scene delteke på eit skrivekurs leia av Thea Hjelmeland. Under lystenning får vi ei opplesing av nokre av dikta dei har skrive, i tillegg til dikt av Madina Darwazi.
Etter lystenninga vert det lys i alle hus i Klokkargarden og Steia gard for dei som vil kike seg rundt i husa og i tunet.
Program:
Kl. 17: DIKTARDAGEN FOR BORN
Med julegraut og høgtlesing av Nattninja ved Rolf Magne Golten Andersen. I løa oppe, så kle dykk godt!
Kl. 18: LYSTENNING AV TUNTREET
I Klokkargarden. Lystenning av tuntreet i Klokkargarden. Allsong og dikt med Jan Haugen, elevar frå Dingemoen i samspel med Thea Hjelmeland og Madina Darwazi.
Kl. 1830: LYS I ALLE HUS
Denne kvelden vert det lys i alle husa i Klokkargarden, på Tusenårsstaden og på Steia gard. Du er hjarteleg velkomen inn!
Sjå deg om i Bestefarstaua, der Jakob vart fødd, og i våningshuset, der Jakob vaks opp, og der det no er residens og kontor.
I bokhandelen og krambua Gamle skulehuset, der Jakob gjekk på skule, vert det ope og servering av gløgg.
Frå 18:30 OPE HUS PÅ STEIA GARD
Med Nikka Vonens venelag. Her møter du Siri Ingvaldsen, Hans Bjarne Haugen og Alexander Rauboti, som held ope hus og fortel om det nyoppretta venelaget for Nikka.
Det er gratis og ope for alle.
Graut så langt lageret rekk.
You may also like the following events from Jakob Sande-senter for forteljekunst: