Springleiken i Ottadalen anno 2025, 6 September | Event in Dombås | AllEvents

Springleiken i Ottadalen anno 2025

Lom spel- og dansarlag

Highlights

Sat, 06 Sep, 2025 at 10:00 am

6 hours

Vågåvegen 56, 2680 Vågåmo, Norge

Advertisement

Date & Location

Sat, 06 Sep, 2025 at 10:00 am to 04:00 pm (CEST)

Vågåvegen 56, 2680 Vågåmo, Norge

Vågåvegen 56, 2680 Vågåmo, Norge, Dombås, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Springleiken i Ottadalen anno 2025
Hald av datoen laurdag 6. september 2025! Då blir det danseseminar med fokus på springleiken i Ottadalen.

📍10-16 Seminar (Vågå kulturhus) - inkl. lunsj (gratis for medlemmer/150,- for ikkje-medlemmer)
📍17:00 Middag (Villa Vågå hotell) - krev påmelding innan 30. august og kvar enkelt betaler sjølv (395,-)
📍18:00 Dansefest (Villa Vågå hotell) - gratis og ope for alle, hotellet held baren open heile kvelden
https://fb.me/e/3zVwbxoDT

👉🏼 Meld deg på innan 30. august via dette skjema: https://forms.gle/kFtBCPAuYXfvioES9 👈🏼

Dette blir ein dag for alle som er interessert i springleik og som ynskjer å lære meir, diskutere, utveksle erfaringar, sjå på arkivklipp og danse mykje. Det blir ein skikkelig nerdedag for alle ivrige springleikdansarar!

Vi vil mellom anna ta for oss spørsmål som:
💃🏼 Kva kjenneteikner springleikdansen i Ottadalen anno 2025?
🕺🏼 Korleis var dansen før i tida og korleis har utviklinga på dansegolvet vore fram til i dag?
💃🏼 Kva er likt og kva skil dansen i dei ulike bygdene, før og no?

🎯 Målgruppe: Du som kan litt om springleik og som ynskjer å lære endå meir.
Dersom du ikkje kan så mykje om springleik anbefalar vi deg å delta på ei øving eller ein dansekveld i Skjåk, Lom eller Vågå i forkant av seminaret. Seminaret er ikkje eit grunnkurs, så det er lurt å ha litt kjennskap til dansen eller musikken frå før.

🎉 Etter seminaret på dagtid inviterer vi til ein sosial kveld med dans og spel der alle er velkomne uavhengig av deltaking på seminaret. Dansefesten og middag skjer på Villa Vågå hotell.

📍 Seminaret skjer i Vågå kulturhus, adresse Vågåvegen 56.

🕺🏼 Pedagog, dansar og musikar Vegar Vårdal leier oss gjennom seminaret og vil gi oss innsikt, inspirasjon, vise klipp frå arkivet og hjelpe oss til å bli endå betre og meir bevisste Springleikdansarar.

🎻 Musikar: Astrid Sulheim (fele).

🗓️ Seminaret skjer laurdag 6. september kl. 10-16, inkl. lunsj og småpausar.

💰 Pris: GRATIS for medlemmer i Lom, Skjåk eller Vågå spel- og dansarlag. 150,- for andre (inkl. lunsj). Det er sjølvsagt mogleg å bli medlem i eit av laga om ein ikkje er det frå før.


Arrangementet er eit samarbeid mellom Lom spel- og dansarlag, Vågå spel- og dansarlag og Skjåk spel- og dansarlag.

Støtta av: Norsk senter for folkemusikk og folkedans, FolkOrg, Gjensidigestiftelsen, Folkedans Innlandet.
Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes


Also check out other Workshops in Dombås.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Springleiken i Ottadalen anno 2025 can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Vågåvegen 56, 2680 Vågåmo, Norge, Vågåvegen 56, 2680 Vågåmo, Norge, Dombås, Norway
Reserve your spot

Host Details

Lom spel- og dansarlag

Lom spel- og dansarlag

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Springleiken i Ottadalen anno 2025, 6 September | Event in Dombås | AllEvents
Springleiken i Ottadalen anno 2025
Sat, 06 Sep, 2025 at 10:00 am