JORDDØGN SAMTALE: Kim Leine , 17 October | Event in Bryne | AllEvents

JORDDØGN SAMTALE: Kim Leine

Jorddøgn litteraturfestival

Highlights

Fri, 17 Oct, 2025 at 06:00 pm

Mellombels

Advertisement

Date & Location

Fri, 17 Oct, 2025 at 06:00 pm (CEST)

Mellombels

Storgata 7, 4340 Bryne, Norge, Bryne, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

JORDDØGN SAMTALE: Kim Leine
Kim Leine er ein dansk-norsk forfattar som har budd femten år på Grønland. Han debuterte med romanen “Kalak” i 2007.

I 2012 kom gjennombrotet “Profetene i Evighetsfjorden”, som han fekk Nordisk råds litteraturpris for i 2013. Det vart starten på ein trilogi om Grønland si kolonihistorie frå slutten av 1700-talet fram til 1953. Kim Leine tar føre seg Grønlands reise mot sjølvstyre gjennom eit breitt persongalleri, basert på verkelege personar og hendingar.

Me møter blant anna presten Morten Falck, som reiser til Grønland for å forkynne det kristne evangeliet. Men møtet med grønlendarane og det barske landskapet byr på utfordringar. Vil han halde fast med å forkynne det kristne bodskapet eller følgje inuittane si eiga søken mot frigjering?

Det er særskilt møtet mellom ulike kulturar som står sentralt hos Leine, mellom dei danske innflyttarane og grønlendarane. Kva forventningar har danskane til landskap og livsvilkår i møte med den grønlandske naturen og livet der? Kva verdi har landskapet og naturen for inuittane som bur der? Kva er det eigentleg som gjer jorda verdi? Er eit jorde berre verdifullt når det er i drift, eller finst det andre måtar å tenkje rundt jord på?

Kim Leine skriv skarpt og levande om ei tid fjern frå vår eiga. Men historia om urfolk som må kjempe for naturgrunnlaget sitt mot krefter utanfrå er relevant i dag òg.

Samtalen vert leia av Brita Strand Rangnes, som er førstelektor ved Institutt for kultur – og språkvitenskap ved Universitetet i Stavanger.


You may also like the following events from Jorddøgn litteraturfestival:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for JORDDØGN SAMTALE: Kim Leine can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Mellombels, Storgata 7, 4340 Bryne, Norge, Bryne, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Jorddøgn litteraturfestival

Jorddøgn litteraturfestival

Are you the host? Claim Event

Advertisement
JORDDØGN SAMTALE: Kim Leine , 17 October | Event in Bryne | AllEvents
JORDDØGN SAMTALE: Kim Leine
Fri, 17 Oct, 2025 at 06:00 pm