Arne Garborgs veg 36, 4344 Bryne, Norge, Bryne, Norway
Save location for easier access
Only get lost while having fun, not on the road!
About the event
Eldrefest
Me kan ikkje garantera at dama på biletet kjem og set stemninga, men i samarbeid med Time senior- og brukarråd inviterer Time kommune til eldrefest på Røde Kors-huset på Bryne torsdag 9. oktober kl. 16.00.
Anledninga er den internasjonale eldredagen, og frå programmet kan me nemna:
- Helsing frå ordførar Andreas Vollsund
- Innslag v/ Time kulturskule
- Kåseri v/ Sjur Håland, "Typisk jærsk"
- Allsong og musikalsk innslag med Tunex
- Smørbrød, kake og drøs
Inngang kroner 200,- (betalast med kontantar eller Vipps ved oppmøte).
Deltakarar som ønsker å ha med følgeperson med fri inngang må visa ledsagerbevis.
Påmelding på skjemaet under innan onsdag 1. oktober: