Teater på Byrknes, 26 February | Event in Bergen | AllEvents

Teater på Byrknes

Ungdomslaget Havgula

Highlights

Thu, 26 Feb • 06:00 PM

Byrknesvegen 2225, Byrknes

24+ people are Interested
Advertisement

Date & Location

Thu, 26 Feb • 06:00 PM (CET)

Byrknesvegen 2225, Byrknes

Byrknesvegen 2225, 5970 Byrknes, Norge, Bergen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Teater på Byrknes
Teater Vestland kjem tilbake til Byrknes Samfunnshus 26. Februar 2026.

Ei verdsomsegling under havet
Ei eventyrleg, mystisk og morosam reise ned i havets djup, basert på Jules Verne si klassiske forteljing.
Professor Arronax og kvalfangaren Neddy er på jakt etter eit sjøuhyre, men dei oppdagar raskt at det finst endå meir uhyrlege ting der nede i det store blå. Dei støyter på den underlege ubåten Nautilus, der kapteinen om bord, Nemo, har ein skummel plan som gjer at Arronax og Neddy aldri igjen vil sjå land. Blir dei borte for alltid, eller klarer dei å stanse Nemo?
I Teater Vestland sin versjon av Ei verdsomsegling under havet – kaptein Nemos hemn er havet djupare og vakrere enn nokosinne, og Kaptein Nemo har endå mørkare hemmelegheiter. Bli med oss på den spennande ferda!
Sidan ingen vaksne har full oversikt over kva som finst der nede i djupet, har vi måtta setje vår lit til barnas fantasi. Barn langs turnéruta har teikna havets hemmelege kryp og vesen, og så har verkstadene våre gjort sitt beste for å lage dei.


Passar for heile familien frå seks år og oppover.


Dørene opnar: 17:00 og framsyninga startar 18:00.
Stykket varar i 1t og 10min.
Billettpris: Frå 180,-
Billettar finn du her: https://www.teatervestland.no/program/ei-verdsomsegling-under-havet-kaptein-nemos-hemn/, eller ved å gå inn på TeaterVestland.no

Samme som i fjor går inntektene til Havgula.


You may also like the following events from Ungdomslaget Havgula:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Byrknesvegen 2225, Byrknes, Byrknesvegen 2225, 5970 Byrknes, Norge, Bergen, Norway
Get updates and reminders

Host Details

Ungdomslaget Havgula

Ungdomslaget Havgula

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Teater på Byrknes, 26 February | Event in Bergen | AllEvents
Teater på Byrknes
Thu, 26 Feb • 06:00 PM