Kom på open gard på Soltun Besøksgard kl. 10-14!
Velkommen på open gard hjå oss!
Me har grisar med grisungar, hestar med føl, sau med lam, høner, ender, gås, kalkun og kattane våre.
Kafeen er open med fersk bakst, vaffel, pølse, brus, juice, etc. I tillegg vil det være mogeleg å handle noko av gardsbutikken sine varer; som ost, spekepølse, egg, plantar, krydder og mykke meir!
Lions Club Arna sel is ved gammen og har rebus for heile familien!
Køyring med hest og vogn foregår mellom kl. 10-13.
Inngongspris: 50 kr per person over 1 år, betalast med vipps i porten.
Kafeen/gardsbutikken tek kort og kontant.
Velkommen til gards!