Fredag 12. desember er det klart for sesongens siste Musikalpub, denne gongen med juletema! Enten du vil kaste deg ut i songen sjølv, eller berre kose deg og lytte til andre, her er alle velkomne.
Med oss denne gongen har vi gullstrupen med det lange namnet, Tomine Mikkeline Eide. Allereie som tiåring debuterte Tomine som vesle Cosette i Les Miserables på Den Nationale Scene, og ho har sidan vore å sjå i ei rekke oppsettingar der, blant anna “Svartediket”, “Blackbird” og “Kristin Lavransdatter” som born og “1984”, “Jul i svingen” og “Heksejakt” som ferdig utdanna, blomstrande skodespelar.
Tomine er ikkje berre irriterande flink som skodespelar, ho er sjølvsagt òg ein ettertrakta artist. Som tolvåring signerte ho med Universal Music, før ho reiste på sin fyrste Storbritannia-turne som sekstenåring. Så anten du vil nyte artisteri på høgt nivå, eller du vil synge, og ikkje er redd for at sjølvtilliten skal få ein knekk: Kom til Skifte, fredag 12. desember og Musikalpub - jul!
Vi køyrer også julekviss denne kvelden.
Musikalvert og primus motor er Anders Vårdal Gjerde.
Pianst er Frode Skag Storheim
Betal det du kan frå kr 50!
Songoversikten blir publisert her når det nærmar seg.
Velkommen til ein kveld full av song, latter og musikalglede!
You may also like the following events from Det Vestnorske Teateret:
Also check out other
Arts events in Bergen.