Medaasprisen feirar sitt 25-årsjubileum ved å dela ut prisen til Øivind Vabø. På festkonserten spelar prisvinnaren sjølv, men du får óg sjå og høyra artistar som Olav Stedje, Finn Tokvam, Bård Ose, Doddo, Annlaug Børsheim, Torkjell Børsheim og Voksne Herrers Orkester.
Medaasprisen er meint å heidra kunstnarar som har ein identitet rotfesta i eigen kultur. Sjeldan har dette høvd betre enn i 2025, når Medaasprisen vert tildelt Øivind Vabø. Han var oppflaska på hardingfelemusikk, med ein far og farfar som begge var framifrå spelemenn; Finn og Karl Vabø.
Øivind har i ei årrekkje teke del i det sterke bergenske folkemusikkmiljøet, der Finn var den drivande krafta frå 1960-talet og utover. Her gjekk mange unge felespelarar i lære, ein av dei var Ivar Medaas.
I år er Øivind aktuell med det nye albumet «Arv», der han spelar tradisjonsmusikk frå bergensområdet. Her vidarefører han det lyriske og personlege uttrykket han har vorte kjend for.
Medaasprisen 2025 vert tildelt ein kunstnar som står i ein tradisjon som Ivar Medaas var umåteleg glad i og ein viktig del av.
Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Vidar Mæland og 50.000 kroner. Prisen vert delt ut på Ole Bull Scene den 20. oktober. I tillegg til Øivind Vabø, vil mellom andre Finn Tokvam, Olav Stedje, Doddo, Annlaug Børsheim, Torkjell Børsheim og Voksne Herrers Orkester medverka til en storarta kveld.
Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:
Bjørn Eidsvåg (2024)
Mari Boine (2023)
Sigvart Dagsland (2022)
Ingebjørg Bratland (2021)
Hellbillies (2020)
Kari Bremnes (2019)
Lars-Lillo Stenberg (2018)
Vamp (2017)
Sigrid Moldestad (2016)
Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)
Salhusvinskvetten (2014)
Claus Sellevoll (2013)
Jan Eggum (2012)
Fargespill (2011)
Helge Jordal (2010)
Øystein Sunde (2009)
Olav Stedje (2008)
Jan Arvid Johansen (2007)
Arne Bøe (og Heimalanne’) (2006)
Odd Nordstoga (2005)
Unni Løvlid (2003)
Sturla Eide Sundli (2002)
Linda Røyseth (2001)
Linda Fosse Hagen (2000)
You may also like the following events from Ole Bull Scene:
- This Friday, 22nd August, 07:00 pm, Feil Dame in Bergen
- This Saturday, 23rd August, 09:00 pm, The Promise – a Tribute to Springsteen, Born To Run 50 år in Bergen
- Next Saturday, 30th August, 09:00 pm, Magnus Jackson Krogh // Jævelungen // Bergen in Bergen